Hopp til innhold

Denne gjengen samla inn over 850.000 kroner

Per Byrknes vart djupt rørt og imponert då han fekk gåvesjekken frå Sygna-russen i går. I løpet av skuleåret har avgangselevane i Balestrand samla inn nesten ein million kroner til bistandsarbeid.

Sygnarussen 2016 samla inn 850.000 kroner til prosjekt i Mali og Elfenbeinskysten

NY REKORD: Per Byrknes (lengst til venstre) fekk overrekt den store pengegåva i går. Elevane er her representert ved Håvard Mjåtveit (nummer to frå venstre), Karoline Nordby og Mariann Nese.

Foto: Sygna vidaregåande skule

– Det var heilt fantastisk, seier Byrknes som er leiar for region Vest i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Tradisjon tru har russen ved Sygna vidaregåande i Balestrand også i år samla inn pengar til veledige prosjekt i regi av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Under knallblå himmel fekk Byrknes overrekt sjekken. Han visste ikkje summen på førehand og vart nesten litt sett ut.

– Eg er skikkeleg imponert og vart skikkeleg rørt då eg tok imot denne fantastiske gåva.

Skuleprosjekt i Afrika

Det siste året har tredjeklassingane samla inn pengar til prosjekt i Mali og Elfenbeinskysten.

I tillegg til arbeid retta mot hiv og AIDS er det fleire prosjekt som går på utdanning av barn og unge. Eitt av dei er ein såkalla "speedschool" der barn som ikkje har gått eit normalt skuleløp, kan kome seg raskt inn i skulen og ta att det tapte.

Russepresident Mariann Nese er stolt over det ho og medelevane har fått til.

– Det er ei veldig god kjensle for oss å kunne bidra med så mykje.

Rektor ved Sygna vidaregåande, Joakim Hector, er også djupt imponert.

– 850.000 kroner er ny rekord, og det er rett og slett fantastisk at elevane klarer det, seier han.

Positivt på fleire måtar

I fjor samla avgangselevane inn 768.182 kroner, det var ny rekord då. At elevane slår rekorden igjen i år, synest rektoren er flott.

Han seier ungdomen gjennom innsamlingsprosjektet skapar mykje positivt, til dømes ved å arrangere misjonsløp der både elevar og tilsette deltok. Russen har i tillegg hatt fleire mindre arrangement som kiosk, bilvask og nattcup.

Nese seier to av elevane fekk reise til Elfenbeinskysten for å sjå bistandsarbeidet med eigne auge.

– Dei kom tilbake og fortalde om det. Det gjorde russen meir gira, seier ho.

Trur engasjementet veks

Hector understrekar at det viktigaste ikkje er å samle inn meir pengar enn kullet før dei.

– Nokon snakkar om at vi snart kjem opp i ein million kroner. Men eg meiner at vi skal vere takksame uansett.

Også Byrknes i NLM meiner det er meir ved innsamlinga enn sjølve pengane.

– Det er fantastisk flott at elevane engasjerer seg i denne typen prosjekt. Både fordi dei får ei tilknyting til arbeidet og kanskje eit større engasjement for dei som ikkje har det som bra som oss, seier han.

Det trur også russepresidenten.

– Eg trur det gjer noko med oss å få vere med å gje til ei så viktig sak og vite at det er til hjelp.