NRK Meny
Normal

Samla inn over 180.000 kroner på éin dag

Raudrussen ved Stryn vidaregåande skule hadde eitt mål for auget då dei sette i gang sitt bidrag til aksjonen «Krafttak mot kreft» – å slå rekorden frå fjorårets russekull.

Raudrussen ved Stryn vgs

STOLT GJENG: Raudrussen har lang tradisjon for å samle inn pengar til kreftsaka. Omtrent kvart einaste år har det blitt ny rekord. Også for gjengen i år.

Foto: Kamilla Rake

Og det klarte dei, trass i at dei i år var tjue russ færre enn året før. Med 181.571 kroner slo dei fjorårets sum som låg på mellom 176.000 og 178.000 kroner.

– Vi er supertstolte over eigen innsats, og eg som russepresident er superstolt over gjengen min, seier Kamilla Rake.

Kamilla Rake er russepresident i Stryn og står i spissen for innsamlingsaksjonen.

OVERVELDA: Kamilla Rake, russepresident i Stryn, har saman med resten av kullet samla inn over 180 000 kroner til kreftsaka. - Å støtte dette er ein viktig tradisjon for ruseen i Stryn, seier ho.

Foto: Privat

Sørga for god marknadsføring

Sjølve innsamlingsaksjonen var onsdag, men raudrussen starta i god tid før.

– Vi marknadsførte oss godt gjennom fleire grupper på Facebook og delte statusar, og så har vi hengt opp plakatar for å oppmode folk om å ta ut kontantar og vere klare.

Rake fortel at dei var omtrent på alle dører i Stryn og Hornindal kommune for å få samla inn mest mogleg, og saman med planlegginga i forkant gav det resultat.

– Vi er heilt i ekstase. Når vi sat og talde pengar og gjekk i banken og fekk vite summen, så var det heilt fantastisk.

Ein høgt verdsett tradisjon

Men den totale summen som russen i Stryn har klart å samle inn kan vere endå høgare.

– Det var fleire som anten ikkje var heime eller som ikkje hadde kontantar tilgjengeleg. Då oppmoda vi dei om å føre over direkte på Kreftforeninga sin konto. Då ville vi at dei skulle merke det med Stryn vidaregåande, sånn at det går inn på vår totalsum, seier russepresidenten.

Raudrussen ved Stryn vgs 2016

GRISEFEST: Denne festen er ein årleg tradisjon for russen ved Stryn vidaregåande skule. I år valde dei å ta den like etter innsamlingsaksjonen som ei slags feiring.

Foto: Privat

Den årlege innsamlingsaksjonen til Kreftforeininga har vore ein tradisjon i fleire år både ved Stryn vidaregåande skule, men også andre skular. I Stryn set dei tradisjonen høgt, ifølgje russepresidenten.

Ho meiner dette også viser at russen ikkje berre representerer fyll og bråk.

– Dette er ei viktig sak for oss. Vi gjer litt meir enn det ein ser frå utsida midt i mai, seier Rake og ler.

Rektoren er imponert

Og tilbakemeldingane har vore svært positive, slår ho fast. Ein av dei som er svært nøgd med russen sin innsats er rektor Anders Magne Bruvoll.

– Eg er veldig imponert, særleg med tanke på at dei er midt oppi masse prøver og i tillegg har førebudd russerevy. Dei har bede pent om å få utsett prøve fordi dei meir eller mindre skulle gå manngard for å prøve å slå rekorden frå i fjor. Dei har kanskje fått det i enkelte tilfelle, men stort sett har det måtte gå som normalt, humrar rektoren.

Han seier russen er ein fin gjeng som både skulen og lokalsamfunnet er tilfreds med.

– Dei gjer ein innsats for ei veldig god sak.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser