Hopp til innhold

Slik jublar dei over å ha samla inn 440.000 kroner til misjonsprosjekt i Etiopia

Sygnarussen i Balestrand har grunn til å juble. For i årets innsamlingsaksjon greidde dei å få inn over 440.000 kroner.

Created by InfoDispatcher

Innsamling på Sygna. Video: Elias Engevik.

Den gamle rekorden på 260.000 kroner vart dermed grundig smadra. Elisabeth Halland Molvik er ei av to prosjektansvarlege, og ho er naturleg nok glad for resultatet.

Elisabeth Halland Molvik

- EKSTREMT NØGD: Prosjektansvarleg Elisabeth Halland Molvik.

Foto: privat

– Vi er ekstremt nøgde, vi kunne ikkje ha blitt meir nøgde. Vi er så takksame for den innsatsen som er lagt ned både av russ, sponsorar og tilsette her på Sygna vidaregåande skule.

I lunsjen på skulen fredag kunngjorde ho resultatet for dei andre elevane. Sjå videoen øvst i artikkelen.

Mange gode føremål

Kvart år har russen på Sygna vidaregåande skule eit misjonsprosjekt. I år går pengane til mange ulike føremål i Etiopia, fortel Elisabeth.

– Dei skal brukast til medisin i kampen mot HIV og AIDS, kampen mot omskjering av kvinner, utdanning i jordyrking, oppbygging av lege- og helsetenester og vegbygging.

Sygnarussen har skaffa sponsorar mellom familiemedlemmer og vener, og så har dei hatt eit misjonsløp der 117 deltok, og der dei sprang i ein og ein halv time.

Saman med den andre prosjektansvarlege, Elias Esperås, skal Elisabeth Halland Molvik til Etiopia og sjå korleis pengane kjem til nytte. Dei reiser den 25. november og skal vere der ei veke. Det gler ho seg til.

Misjonsløpet til Sygnarussen 2013

SPRANG FOR PENGAR: Frå misjonsløpet til Sygnarussen.

Foto: privat