Hopp til innhold

Her vert det MR-maskin etter rekordkjapp pengeinnsamling

Knappe fire månadar etter at startskotet for innsamlinga til MR-maskin ved Lærdal sjukehus gjekk, er målsetjinga på 10 millionar kroner nådd. Går alt etter planen er tilbodet oppe og går innan utgangen av 2017.

Lærdal sjukehus

FØREBU: Det må gjerast nokre byggtekniske endringar før MR-maskina kjem på plass. Går alt som planlagt, er tilbodet på plass for brukarane på slutten av 2017.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Eg er veldig letta. Det har vore eit fantastisk prosjekt å vere med på, og vi er veldig glade for at vi har komme i mål, seier prosjektleiar for MR i Lærdal Næringsutvikling, Rolf Jerving, etter at vel 10 millionar kroner er på plass på konto.

– Alt byrja 8. april i år då Sogn regionråd hadde saka oppe. Då gjekk det ut ei oppmoding til kommunane om å delta. 20. juni sende vi brev til næringslivet og fem dagar etter hadde vi annonse i avisene, fortel Jerving.

Sidan har både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar opna lommebøkene sine, nokre nesten på vidt gap.

Syner eit breitt engasjement

I juni gav ekteparet Johannes og Johanne Sofie Henjum på Leikanger 250.000 kroner kvar til prosjektet. Totalt står privatpersonar for meir enn 800.000 av dei innsamla midla.

– Eg er audmjuk og takksam for at så mange har engasjert seg. Det syner at heile regionen sluttar godt opp om sjukehuset og om å få eit MR-tilbod ved sjukehuset, seier Jerving.

Ei MR-maskin syner bilete av det indre i kroppen. Per i dag er det MR-maskiner ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus i Helse Førde.

– Men er det ikkje feil at det må ein innsamlingsaksjon til for å få på plass eit slikt tilbod?

– MR-maskin var ikkje på investeringsplanane til Helse Førde. Ved at vi gjorde det slik får vi både realisert det, samt at vi får det raskare på plass. Eg trur dette var den riktige måten å gjere det på, seier Jerving.

Styrkar tenestene ved sjukehuset

Han peikar på at dette også gir Lærdal sjukehus eit nytt bein å stå på, med dersom det skulle komme framtidige rundar om sjukehuset sin eksistens.

– Dette styrkar både dei tenestene som er ved sjukehuset, og det styrkar også moglegheita til å utvikle nye tenester ved sjukehuset, seier Jerving.

Administrerande direktør ved Helse Førde, Jon Bolstad, seier MR-maskina får positive ringverknadar.

– Ei MR-maskin vil gje eit endå betre tilbod ved Lærdal sjukehus. Heile indre Sogn vil dra nytte av dette. Vi betrar no kapasiteten på MR-undersøkingar i Helse Førde, og det kan gjere at pasientar i heile fylket får kortare ventetid, seier Bolstad.

Føretaket har ansvar for teknisk vedlikehald og drift

Han legg til at innsamlingsaksjonen har synt kor stor oppslutnaden er om lokalsjukehuset, og at engasjementet frå kommunar, lokalt næringslivet og privatpersonar har vore imponerande.

Maskina vert gitt som gåve til Helse Førde, og helseføretaket skal ta ansvar for naudsynte bygningsmessige investeringar, teknisk vedlikehald av maskina og drift av MR-tilbodet ved Lærdal sjukehus.