Hopp til innhold

Samla hundrevis av Saab-entusiastar

Over 300 Saab-entusiastar har denne veka samla seg i Loen i Stryn kommune.

Bli med på bilkortesje i Loen

SJÅ SAAB-ENTUSIASTANE KØYRE I KØ: Ein viktig del av treffet er kortesjen der 182 bilar køyrde etter kvarandre. (FOTO: Heidi Lise Bakke)

Primus motor for arrangementet, Olav Faleide, har sju gamle Saab-bilar sjølv og er svært begeistra når så mange gamle bilar dukkar opp i den vesle bygda.

– Eg kjenner meg som ein fireåring på julekvelden! Dette er stor stas, seier han.

Nyt å køyre i kø

Fslleide

LUKKELEG: Så artig tykte Olav Faleide det var å køyre i kortesje saman med 182 andre Saab-entusiastar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Etter kortesjen er det ein lukkeleg arrangør som stikk hovudet ut av bilen.

– Det er det artigaste eg har vore med på. Tenk å få køyre i kø med 182, slike bilar, seier Faleide, som smiler frå øyre til øyre.

Med god hjelp frå vener og familie arrangerer han det internasjonale treffet, men tykkjer også det er moro med det lokale engasjementet.

Ei forplikting

Atle Hamar har med seg ein Saab Sonette 1968. Denne biltypen eksisterer det berre fem eksemplar av i Noreg.

– Eg kjem frå ein Saab-familie og det forpliktar, eg har tre stykk. Så det er veldig kjekt at miljøet samlast her, fortel Hamar.