Hopp til innhold

Samla det beste frå fylket i ein splitter ny iskrem

FLORØ (NRK): Kvifor ikkje blande noko av det beste fylket har å by på i ein iskrem? Halvor Halvorsen har gjort nettopp dét.

Halvor Halvorsen

ISVOGN: Halvor Halvorsen er klar til lansering av den lokale iskremen.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

– Eg meinte at det mangla ein is med bær og smak frå frukt og norske fjordar. Eg hadde det som ein tese då eg sette i gang, og eg har etter kvart forstått at det er heilt rett, smiler Halvor Halvorsen, mannen bak iskremmerket Fjordz, som skal lanserast 1. september.

Florøværingen er godt nøgd med at ein ide som sakte vaks fram mens han rusla rundt heime, no har sett dagens lys.

– I fjor haust hadde eg hagen full av bær, og eg funderte litt på kva eg skulle gjere med det. Slik kom ideen rekande på ei fjøl, seier Halvorsen.

Kjøpte ismaskin

Med støtte frå Innovasjon Norge kjøpte Halvorsen seg i fjor ei ismaskin for å teste ut litt produksjon.

På relativt kort tid vart Halvorsen den mest populære pappaen i nabolaget. For forskar ein på gode iskremoppskrifter, så dryp det på små munnar som gladeleg tek i mot smaksprøvar.

Suksessformelen synte seg å vere enkel; kortreiste bær i store mengder, minst mogleg tilsett sukker og laga på mjølk, ikkje fløyte.

– Innhaldet er 30 prosent bær, og då brukar ein også mindre mjølkefeitt, seier Halvorsen.

Både produksjon, innhald og design på emballasjen er lokal.

– Det blir ikkje meir lokalt og vestlandsk enn dette, seier Halvorsen.

Halvor Halvorsen i Florø har funne opp ein ny iskrem, og gler seg til lansering.

ØVER: Halvor Halvorsen øver seg litt med den nye isvogna før lansering av isen Fjordz.

Vert produsert i Rogaland

Sjølv om alt starta heime på kjøkkenbenken, er no produksjonen flytta til meir eigna stadar.

– Eg har ein av Norges beste isprodusentar i Rogaland som produserer for meg, så det er på Vestlandet, seier Halvorsen.

Ordførar Ola Teigen tykkjer det er stas at Kystbyen no har fått sin eigen isprodusent, og tok meir enn gjerne i mot ein smaksprøve.

– Eg tykte det var kjempegodt. Is med bringebærsmak er ein god kombinasjon, seier Teigen, som ikkje er overraska over korkje idé eller gjennomføring.

– Men no ser vi at produsentar kastar seg på nisjebølgja, så kvifor ikkje is. Dette trur eg kan bli ein suksess, seier Teigen.

Har vakse fortare enn han hadde trudd

Kjell Ottem takka gjerne ja til ein prøvesmak.

– Isen var veldig god. Ikkje søt og ikkje kornete. Terningkast seks, seier Ottem.

Halvorsen har fått napp hjå Coop-kjeda, og når dei første 5.000 literane med Fjordz-is er ferdig produserte, skal isen vere på plass i 62 Coop-butikkar.

– Eg byrja kanskje beskjedent borte i ein krok, men det har vakse fortare enn kva eg hadde trudd var mogleg. Innan jul er isen å finne på heile Vestlandet og Austlandet, seier Halvorsen.