Det fortalte politibetjent Gunnar Englund i retten i dag.
Mellom anna fann politiet eit oppslag i VG om gravferda til Anne Slåtten, og ei utgåve av Firda med ei kartlegging av heile etterforskinga av drapet.
Englund var med på ransakinga av huset, og han fann dette interessant og påfallande.
Sex-fiksert
42-åringen frå Bygstad må igjen høyre at han blir framstilt som sex-fiksert. Teikning Elin Fagertun.
Aktor, statsadvokat Jogeir Nogva, prøver i dag også å styrke biletet av tiltalte som ekstremt sex-fiksert. Nogva har tidlegare stilt ei rekkje spørsmål til tiltalte om hans forhold til porno. Då avviste 42-åringen frå Bygstad at han var sex-fiksert. Tvert om sa han under si forklaring at dette var heilt normalt å ha så store mengder pornofilmar, bilete og sex-leiketøy i heimen. Materialet han hadde samla over fleire år.
Porno og fly
Politibetjenten frå Førde gav ei detaljert forklaring av kva dei fann i huset til tiltalte.
- Huset var prega av to interesser. Det første var interesse for fly, det andre var porno, seier Englund.
I huset fann dei fleire ordresetlar på porno og diverse private pornobilete. Politiet fann totalt 65 pornofilmar på soverommet i tillegg til gamle VHS-filmar med andre titlar.
- Det stod musikk på omslaget, men vi såg gjennom 20 av filmane med ulike titlar og alle var porno, mest truleg opptakk frå satellitt, sa Gunnar Englund.
Tiltalte hadde også ei rekke sex-leketøy på soverommet.