Hopp til innhold

Samla alt du treng å vite om bussen du tek

Rutetider, reiseplanlegging og informasjon om prisar er samla på ei eiga nettside.

Buss frå Firda Billag

LETTARE: Det skal bli lettare for deg som forbrukar å få informasjon om offentleg transport i Sogn og Fjordane. Ei ny nettside har samla det du treng å vite.

Foto: NRK

– Slik vil vi gjere det enklare for folk som skal ut og reise i Sogn og Fjordane, seier Øystein Hunvik som er seniorrådgjevar i fylkeskommunen.

Viktig å ha treffande namn

Med nytt namn og ny nettside håpar dei at du som brukar kollektivtransport skal få ein lettare kvardag.

– Det blir spennande å sjå korleis namnet vert motteke. Vi meiner det er dekkande for aktiviteten vi har rundt om i fylket, seier Hunvik.

For namnet har vore viktig i den nye satsinga.

– Namnet Kringom speglar korleis vi ferdast i dette fylket. Under fjell og brear, over fjordar, opp og ned dalar, gjennom tunnelar og ut mot havet. Kringom betyr att og fram, hit og dit, rundt eller omkring.

Får ros for valet

Marit Aakre Tennø

FLOTT: Leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag sei det er viktig å finne gode ord på nynorsk og bruke dei i offentleg forvaltning.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Og fylkeskommunen får ros frå Noregs Mållag.

– Fylkeskommunen har valt eit flott namn. Kringom er eit godt og markert nynorskord. Det syner ein medviten fylkeskommune som ikkje er redd for å markera seg på nynorsk. Det er viktig for det språklege medvitet i fylket at fylkeskommunen profilerer seg slik på nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

På nettsida skal du kunne manøvrere deg gjennom utetider, ein reiseplanleggjar og informasjon om prisar, rabattar og skysskort.

Også Jan Olav Fretland, fylkestingsmedlem for SV og leiar for forumet Nynorskfylket, er nøgd med namnet, som han meiner er både traust og solid.

Går tusen år tilbake i tid

Jan Olav Fretland

NØGD: Jan Olav Fretland er strålande nøgd med namnet på den nye nettsida, kringom.no

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Ordet treffer midt i det kollektivtilbydarane i Sogn og Fjordane skal stå for: Dei skal vera kringom alle stader. Eg koplar det òg til kringkasting: radio og fjernsyn kringom til alle grender og bydelar i Noreg, seier Fretland.

Han viser til at det i norrønt heitte¨«í kring um».

Så ordet står på tusen års trygg grunn. Det er viktig at vi torer å bruke slike ord frå det norske språklege grunnfjellet i ei moderne tid og om moderne framkomstmiddel. Sogn og Fjordane skal syna at vi er språkfylket og nynorskfylket framom nokon.