Hopp til innhold

Samferdsleministeren meiner regulariteten på Anda-Lote er bra

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil ikkje gripe inn for å få betre regularitet på ferjesambandet Anda-Lote.

Ketil Solvik-Olsen

LOVAR BETRING: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) lovar betre regularitet på Ande-Lote. Men det blir først i 2018

Foto: Montasje: Arild Sandsvik/Øystein Torheim / NRK

– Det er eit samband som går bra samanlikna med mange andre. 111 kansellerte avgangar er ikkje mykje når ein tenker på at dei leverer 24 648 avgangar i året, seier Solvik-Olsen.

I Nordfjord er det sterk misnøye med at fleire turar over fjorden har blitt kansellerte på grunn av dårleg vêr og tekniske problem. Det får politikarane i regionen til sjå raudt, men ferjeselskapet meiner det er akseptabelt.

Solvik-Olsen meiner trafikantane må smørje seg med tolmod fram til nye ferjer er på plass om eitt år.

– Vi er no ein prosess der vi har bestilt to nye ferjer til dette sambandet. Frå 2018 har ein eit heilt anna materiell og då trur eg regulariteten vert endå betre, seier Solvik-Olsen.

Ikkje til å leve med

I Eid er ordførar Alfred Bjørlo usamd i at 111 kanselleringar i løpet av eit år er til å leve med.

Alfred Bjørlo

VIL IKKJE VENTE: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) vil ha betring alt i løpet av 2017.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Eg trur det vert opplevd svært ulikt avhengig av om ein sit på eit kontor i Oslo eller om ein opplever dette på kroppen i kvardagen, seier Bjørlo.

Han meiner problema no er blitt så store at ein er i ferd med å miste tilliten til ferjemateriellet.

– Det er jamlege tekniske problem. 111 innstilte avgangar er etter mitt syn mykje, det er ikkje noko å kimse av, seier Bjørlo.

Også samferdsleministeren forstår frustrasjonen frå dei som vert råka av kanselleringane.

– 111 avvik er sjølvsag 111 avvik vi skulle ønske vi kunne unngått. Eg skjønar godt at folk vert frustrerte. Eg kjem sjølv frå Rogaland der vi har mange ferjestrekk. Når ein kjem til eit ferjeleie og vert ståande i mange timar å vente så er det sjølvsagt frustrerande, seier Solvik Olsen.

Kan ikkje vente til 2018

I Nordfjord er tolmodet slutt. Bjørlo er glad for at det kjem to nye ferjer på sambandet i 2018, men meiner det vert for lenge å vente eitt år på at ting skal verte betre.

– Vi forventar no at Fjord1 og Statens vegvesen tar dette på alvor, og får opp reservekapasiteten i 2017. Ikkje minst må dei ha eit meir offensivt forhold til at dette faktisk er problem. Folk må verte tatt på alvor, seier Bjørlo.