Hopp til innhold

Trafikken i gang igjen i Lavik

Ferjesambandet Lavik - Oppedal er no tilbake i vanleg drift etter at ei ferje hang seg opp i ferjekaien på Lavik-sida tidlegare i kveld.

Gloppen heng fast

HENG FAST: All trafikk på E39 til Oppedal måtte gå via Rysjedalsvika etter at bilferja Gloppen nok ein gong heng fast i ferjelemmen i Lavik.

Foto: NRK-tipsar

Fjord1 opplyser til NRK at ferja Gloppen no har kome seg laus frå ferjelemmen i Lavik, og at det viktige ferjesambandet Lavik - Oppedal er tilbake i vanleg drift.

– Det vil kunne vere litt forseinkingar utover kvelden på grunn av dei tekniske problema som var, opplyser ferjeselskapet.

Sist dette skjedde var i påsken. Lavik ferjekai var også då stengd inntil vidare fordi bilferja Gloppen hang seg opp i ferjelemmen.


Bilane som hadde køyrd inn på ferja måtte ryggje ut att, og ned på ferjekaien.

  • Har du tips eller bilete om denne saka? Kontakt oss på sf@nrk.no eller telefon 57724242!
Rysjedalsvika

FYLLAST OPP: Ferjekaia i Rysjedalsvika i ferd med å fyllast opp av bilar som eigentleg skulle teke ferja frå Lavik.

Foto: Gaute P. Haugen / NRK
Ferjekø i Lavik

KAOS SIST: Slik såg det ut på ferjekaia i Lavik sist bilferja Gloppen hang fast i ferjelemmen.

Foto: NRK.no-tipsa