Hopp til innhold

Samde om offentleg høyring

Alle dei politiske partia i Vågsøy er samde om at det skal vere ei offentleg høyring av handteringa av Tall ships races.

Måløy i Vågsøy.
Foto: NRK

Det vart klart under eit møte måndag der dei diskuterte sakshandsaminga av seglskutefestivalen, rekenskapen og rapportar.

Forslaget om offentleg høyring vert framja for kommunestyremøte i slutten av juni.

Det er semje om at høyring bør finne stad slik at saka kan realitetshandsamast i kommunestyret i løpet av august.