Hopp til innhold

Samde om å kjøpe felgfabrikken

Saint Jean Industries har registrert nytt firma for å starte opp igjen felgproduksjonen i Høyanger.

Felglager ved Fundo

KONKURS: 12 januar 2009 var felgprodusenten Fundo Wheels slått konkurs. Ein månad seinare gjekk siste skift ut dørene.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Firmaet Saint Jean Wheels skal starte opp igjen bilfelgproduksjonen i Høyanger.

Vil starte allereie i haust

NRK får frå fleire hald stadfesta at Saint Jean Industries er samde med Innovasjon Norge om å kjøpe den konkurrsråka felgfabrikken Fundo Wheels. Men det er likevel fleire avtalar som må signerast før felgproduksjonen kan starte.

LES MEIR:

Eksportsjef Hervé Véricel seier til NRK at målet er å starte maskinene i haust. Firmaet håpar å produsere lettmetallfelgar for sal til neste år.

300 tilsette miste jobben

Over 300 tilsette miste jobben då Fundo Wheels vart slått konkurs etter 30 års drift i fjor.

Innovasjon Norge hadde 60 millionar kroner til gode hos Fundo, og sit med pant i både bygningsmassen, driftsmidlar og ikkje minst i pantentet til den såkalla hybridfelgen.

Dei siste felgane ved Fundo i Høyanger

SLUTT: Dei siste felgane på veg ut frå fabrikken i Høyanger - no kan produksjonen snart vere i gang igjen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK