Hopp til innhold

Ei kunstnarisk gjenforening med Danmark

Seks kunstnarar, fire av dei frå Sogn og Fjordane og to frå Danmark, opnar no ei utstilling på Sogn og Fjordane kunstmuseum med grafiske trykk som dei alle har vore med å lage.

Kunstgruppa MIM med gjestar

SAMARBEIDSUTSTILLING POPPAR OPP: Utstillinga 'Oktoberbilete' er eit samarbeidsprosjekt mellom norske og danske kunstnarar. Frå venstre: Inghild Sleire, Marit Thingnæs, Merete Hol Tefre, Wenche Wefring og Jeanie Jensen.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Det her blir jo nesten som ei gjenforening med Danmark, seier Merete Hol Tefre og ler.

Med seg på latteren får ho fire andre damer. Det er ein hjarteleg latter, som fyllar heile det store utstillingsrommet på Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Dei fem damene er i full gang med å fullføre arbeidet med utstillinga "Oktoberbilete". Opninga skjer laurdag 1. november på kunstmuseet, og utstillinga er eit kunstprosjekt litt utanom det vanlege.

Kunstgruppa MIM med gjestar

GOD STEMNING: Latteren sitt laust i gruppa dagen før utstillinga opnar.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Fire av damene er lokale, frå Førde og Vevring, medan Jeanie Jensen har tatt turen frå Danmark for å gjere klart til utstilling. Sistekvinne i prosjektet, Annette Holdensen, er også dansk.

Samarbeidsutstillinga kallar dei fem damene derfor spøkefullt for ei "gjenforening med Danmark".

Eit stort fellesarbeid

Gruppe MIM består av dei tre kunstnarane Merete Hol Tefre, Inghild Sleire og Marit Thingnæs, og dei tre har samarbeida i femten år.

Til vanleg driv dei med kunst i landskap, men i utstillinga som opnar i helga, er det grafiske trykk som heng klare for publikum sine auge.

I tillegg til dei to danske damene, er kunstnaren Wenche Wefring med for å gjere gruppa komplett.

– Det som er spesielt med dette prosjektet, er at alle trykka er laga i fellesskap. Derfor er kvart trykk signert med seks ulike signaturar, for vi har alle vore med på å lage dei, fortel Hol Tefre.

– Ja, det er eit stort fellesarbeid, legg Jensen til.

I ti dagar har dei seks kunstnarane jobba saman på ein kunstnarstad i Odense i Danmark, og desse dagane i oktober har lagt grunnlaget for utstillinga.

Merete Hol Tefre og Inghild Sleire

SISTE FINGER PÅ VERKET: ...bokstaveleg talt.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Trykka som no er utstillingsklare er grafiske trykk, kor kunstnarane har skjært ut motiv i treplater før dei saman har blitt samde om kva for fargar og nyansar dei ulike trykka skal ha, i tillegg til at dei ulike platene kan nyttast fleire gongar for eitt trykk.

Dermed er det ei samling unikum-kunst: Det finst nemleg berre eitt av kvart einaste trykk.

– Vi er jo vener framleis

Men, altså: Seks kunstnarar, alle saman med sterke meiningar om korleis kunst skal sjå ut - vert det ikkje vanskeleg å samarbeide og bli samde?

– Det har jo vore ein del diskusjonar, men vi er jo vener framleis, seier Sleire og gruppa fyller rommet med latter nok ein gong.

– Eg trur nok ikkje vi ville ha våga å gjere det om vi ikkje hadde kjent kvarandre, legg Hol Tefre til.

– Det er nok sjelden at kunst vert laga på denne måten

Jeanie Jensen

– Og så er det jo slik at det kan bli veldig einsamt å sitje aleine og arbeide, seier Sleire med eit smil.

Jeanie Jensen og Wenche Wefring

SKAPT I DANMARK: Jeanie Jensen og Wenche Wefring tar eit rykande ferskt grafisk trykk i nærare augesyn.

Foto: Merete Hol Tefre

Dei fem kunstnarane meiner at det i stor grad handlar om tillit til kvarandre som kunstnarar, og at samarbeidet opnar for å kunne vere veldig grundig i det ein presenterer:

– I Danmark starta vi dagen med å snakke om bileta som blei laga dagen før, og derfor har vi gått grundig gjennom kvart einaste for å diskutere fargar og nyanser, seier Jensen.

Damene ser på kvarandre og er skjønt samde om at samarbeidet har vore godt:

– Det har kome masse fint ut av det!