Hopp til innhold

Samarbeider om reisemålselskap

Ni kommunar frå Høyanger i Vest til Årdal i aust er med når den nye reiselivsatsinga no kjem på plass

Flåm stasjon med turistar
Foto: Merete H. Høidal / NRK

Kommunane skal eige 45 prosent av Visit Sognefjord, medan private aktørar no får kjøpe dei resterande 55 prosent av aksjane. Aksjeeigarane bind seg og til å betale årlege marknadsbidrag til selskapet.

Prosjektleiar Olav Lühr, meiner det er heilt avgjerande å få det private næringslivet med på laget.

– Allereie torsdag så fekk vi den aller første private kapitalen inn, og det var svært kjekt. Det er jo i første rekke reiselivsnæringa sjølv som no bør melde seg på, seier Lühr.

Færre turistar og sviktande inntening

Færre turistar og sviktande inntening i bransjen er blant hovudargumenta for å satse på det nye reisemålselskapet. Det er heilt i tråd med fylket og regjeringa sine føringar om å samle dei små reisemålselskapa i større einingar.

Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (SP)

Foto: Luster kommune

Ordførar Ivar Kvalen i Luster er svært positiv til at ein no får eitt breitt samansett eigarskap om nye Visit Sognefjord.

– Me veit jo at konkurransen om turistane ute i verden er beinhard, slik at det krevst ein skikkeleg organisasjon som kan ta tak i, og løfte fram det produktet som Sogn har å tilby.