Hopp til innhold

Vil sitje i førarsetet - men får det ikkje til

Kommunane i HAFS har heile tida sagt dei ville sitje i førarsetet i prosessen med samanslåing. Men enno sit dei i baksetet, og kanskje knapt det.

Arve Helle

LITE FRAMDRIFT: Arve Helle, Ap-ordførar i Fjaler, beklagar at arbeidet med eventuell kommunesamanslåing står i stampe.

Foto: Johan Moen / NRK

– Eg synest det er beklageleg at dette ser ut til å dryge ut i tid, vedgår Fjaler-ordførar Arve Helle.

Det han snakkar om er kommunesamanslåing i Sunnfjord og Ytre Sogn. Firda skriv i dag at diskusjonane står heilt i stampe.

Halvanna år etter at kommunane i HAFS-regionen først byrja snakke om samanslåing, er det knapt noko dei har blitt samde om. Ifølgje Firda er det enno ikkje bestemt kva som skal greiast ut, korleis det skal gjerast eller kven som skal betale for utgreiing.

– Vi må sitje i førarsetet

Allereie på seinsommaren 2012 vart det klart at kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad ville diskutere samanslåing. Etter kvart slengde fleire kommunar seg med, og til saman ti kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord vil greie ut om det er mogleg med ein eller fleire storkommunar i regionen.

Men det har altså skjedd lite. Fjaler-ordførar Arve Helle har heile tida vore ein pådrivar for å sjå på kommunestrukturen, og etter stortingsvalet i september utfordra han Høgre-ordførarane i fylket til å gå i front.

– Vi må få ei hand på rattet og sitje i førarsetet i denne prosessen. Det trur eg alle kommunane har noko å tene på, sa Helle til NRK.no den gong.

Trur for mange kommunar er med

No beklagar han at arbeidet med samanslåing av kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn står i stampe. At det er til saman ti kommunar som vil vere med på ei utgreiing trur han er delar av forklaringa.

– Når ein no er kome opp i ti kommunar som vil vere med, så er det klart det byrjar bli ganske tunge prosessar, seier Helle til NRK.no.

– Er det eit problem at de er blitt for mange kommunar?

– Det kan ein kanskje seie. I ettertid ville eg vel helst ønskt at vi var litt færre, vedgår ordføraren.

Vil ha minst 15.000 i kvar kommune

Det er dag over 400 kommunar i Norge. Berre i Sogn og Fjordane er det 26, med Solund som den minste med like over 800 innbyggjarar.

Kommunesamanslåing var eit brennheitt tema under valkampen i fjor haust, og Høgre har sagt at dei vil gjennomføre ei kommunereform. Allereie før valet var fleire lokalpolitikarar klare på at dei måtte gjere seg tankar om dette, før dei får noko tredd nedover hovuda frå sentralt hald.

For kort tid sidan la eit ekspertutval fram sin rapport om framtidig kommunestruktur. Dei meiner alle kommunar i framtida bør ha minst 15.000 til 20.000 innbyggjarar. Utvalet meiner dette er nødvendig om kommunane skal kunne gje eit skikkeleg tenestetilbod.

Kommunalminister Jan Tore Sanner seier det ikkje er naturleg å setje eit slikt krav til innbyggjarar, men vil ta med seg konklusjonane frå rapporten i det vidare arbeidet.

Fryktar tida er i ferd med å renne ut

I HAFS fryktar Fjaler-ordføraren at tida er i ferd med å renne ut om dei sjølve skal få vere med bestemme eit framtidig kommunekart.

Arve Helle meiner det er viktig å kome i gang med utgreiingar om samarbeid så raskt som mogleg.

– Konsekvensen når prosessane og debatten byrjar gå på riksplan, og vi ikkje er med, kan vere at vi får noko tredd ned over oss - noko som slett ikkje er slik vi vil ha det, seier Helle til NRK.no.

– Eg håpar vi kan få litt fortgang i arbeidet.