Hopp til innhold

Samanslåing skapar ventelister

PP-tenesta i Ytre Nordfjord kan verte lagt under Fylkeskommunen frå 1. august. Leiar av tenesta i Vågsøy, Laila Schult fryktar for kvaliteten på tenesta.

I dag har PP-tenesta i Vågsøy 2,5 årsverk. Dersom dei no vert slått saman med andre PPT-kontor i Ytre Nordfjord vert årsverk kutta.

 

Fryktar for kvaliteten

Kontoret i Vågsøy har allereie 187 elevsaker dei jobbar aktivt med.

- Det seier seg sjølv at med 2,5 årsverk klarar ikkje vi å gjere ein god nok jobb ovanfor alle, seier Schult. Ho understrekar at ventelista hjå dei er lang.

- Vi får håpe vi kan jobbe meir systematisk og langsiktig, og at både kommunen og fylkeskommunen ser på kompetanse og kapasitet, slik at vi får tilfredsstilt behova på ein meir vetig måte enn å berre telje hovud.