Hopp til innhold

Samanliknar Fjord1-styret med barnehageutval

– Eg vil hevde at eg opplever større profesjonalitet frå foreldreutvalet i barnehagen til dottera mi, enn eg har opplevd frå leiinga i Fjord1 i denne prosessen, skriv Frank Willy Djuvik (Frp) i eit brev til fylkestinget.

Frank Willy Djuvik

FLENGANDE OPPGJER: Fylkestingsmedlem frå Frp, Frank Willy Djuvik, meiner Fjord1-leiinga aktivt motarbeider eigaren sin.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Brevet kjem etter at leiinga i Fjord1 under fylkesutvalet sitt møte måndag tok eit skarpt oppgjer med fylket som Fjord1-eigar. Dei kjenner seg forbigått i salsprosessen som no går føre seg.

Bakgrunnen er at Fylkeskommunen vil selje Fjord1 til Torghatten. Fylkeskommunen eig 59 prosent av Fjord1 gjennom sitt holdingselskap F1 Holding. Både administrerande direktør Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal i Fjord1-leiinga, meiner dei burde vore meir involvert.

– Når Fjord1 går ut og seier at dei ikkje har blitt involvert i prosessen, då blir eg rett og slett forbanna. For eg har møtt Dagfinn Neteland og Reidar Sandal mange gonger i løpet av det siste året der vi har drøfta denne prosessen, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

– Aktivt motarbeidd eigaren

I Djuvik sitt brev til fylkeskommunen hevdar han at Fjord1-leiinga kjem med usanningar, at dei er svært uprofesjonelle, at dei bevisst har nekta politikarane informasjon og at dei aktivt har motarbeidd eigaren sin. Djuvik meiner det er uforståeleg at Fjord1-leiinga hevdar å ikkje ha vore involvert.

– Han har sagt i Fylkesutvalet «ordrett at kva de gjer med dykkar eigarskap, det skal ikkje vi legge oss opp i». Eg har stor respekt for utviklinga dei har fått til i selskapet, men i eigarspørsmålet opplever eg større profesjonalitet frå foreldreutvalet i barnehagen, seier Djuvik til NRK.

Dagfinn Neteland og Reidar Sandal

KRASS KRITIKK: Fjord1-leiinga ved administrerande direktør Dagfinn Neteland (til venstre) og styreleiar Reidar Sandal.

Foto: Grete Roska / NRK

Han hevdar også at Neteland har truga med at både han og resten av styret ville gå av dersom ikkje fylkespolitikarane innretta seg etter styret sitt syn. Dette skal ifølgje Djuvik ha skjedd i samband med fusjonsprosessen som gjekk føre seg mellom Fjord1 og Norled. Dagfinn Neteland avviser dette blankt.

– Har berre fått snakke om resultat

Neteland held fast ved at dei ikkje har blitt involvert i salsprosessen.

– Vi har fått lov til å snakke om resultatet våre, men ei reell innverknad på kva som er best for selskapet framover, det har vi ikkje fått bidra med.

At det er sagt at Fjord1-leiinga ikkje vil leggje seg opp i eit sal, stemmer ifølgje Neteland.

– Det vi ønskjer å meine noko om er kven ein sel til, altså kva selskapet er best tent med.

Kritikken frå Djuvik om at Fjord1-leiinga har motarbeidd eigaren sin, svarar Neteland slik på:

– Det er sterkt beklageleg, men eg er ikkje sikker på at Djuvik har fleirtal i Fylkesutvalet med seg bak denne kritikken. Eg trur vi skal ta det som eit utspel og late oss stoppe der.