Samanhengande trenar i 35 år

Laurdag vart Kongens fortenestemedalje i sølv overrekt til eldsjela Ingvald Ytrehus frå Svelgen.

Ingvald Ytrehus fekk fortenestemedalje

Ingvald Ytrehus ved mikrofonen. Til høgre for han ordførar Kåre Olav Svarstad og leiar i Svelgen Turn og Idrettsforening, Svein Arne Sandvik.

Foto: Frank Ryland

70-åringen får medaljen for meir enn 40 års innsats for unge friidrettsutøvarar.

Ikkje tenkt å trappe ned

Han hadde sitt første verv i Svelgen Turn og Idrettsforening i 1964. I 2009 er han trenar for 35. året på rad, og han har ikkje tenkt å trappe ned sjølv om han passerte 70 i fjor.

- Utan Ytrehus, ingen friidrett

Frank Ryland, som har skrive historia om idrettslaget i Svelgen, seier at utan Ingvald Ytrehus hadde ikkje friidrettsgruppa eksistert i dag.

- Gledesspreiar

- Ytrehus er ein gledesspreiar både for ungane han trenar og for dei vaksne som hjelper han med treningar og reiser, seier han.

Medaljen vart overrekt av ordførar Kåre Olav Svarstad i samband med INC-leikane i friidrett i Svelgen Idrettshus laurdag.