NRK Meny
Normal

Saman skal dei sjarmere «söta bror»

– Nervane er under kontroll, men det var mykje verre før vi reiste over, gliser Tone Damli berre timar før ho skal på scena i den andre av fire delfinalar i svenske versjonen av Melodi Grand Prix.

Tone Damli og Anne-Grethe Starheim

KLARE: Tone Damli og Anne-Grethe Starheim gjer seg klare til å ta sjarmere det svenske publikumet.

Foto: Tone Damli

Samstundes som det blir avgjort kven som blir det norske bidrag i Melodi Grand Prix, går Tone Damli på scena i den svenske konkurransen .

I duett med svenske Erik Segerstedt presenterer Tone Damli låta «Hello Goodbye», som er skriven av Måns Zelmerlöw.

– Eg var veldig nervøs før vi reiste, men etter at eg kom onsdag har eg opplevd staden og vi har øvd og øvd og øvd og øvd. Så no kjenner eg meg trygg, seier sogndalsjenta til NRK.no.

God generalprøve

Dei svenske delfinalistane har nett gjort unna generalprøva, har møtt pressa og har no kring tre timar til det brakar laust i Göteborg.

Den 2. mars går andresjansen av stabelen, medan det 9. mars blir avgjort kven som representerer Søta bror i den internasjonale finalen i Malmö 18. mai.

– Vi har spelt for to fullsette salar allereie, så då er det berre å gjere det som vi har gjort før. Tekst og låt set i ryggrada, men det er klart at ting kan jo skje på scena. Generalprøva gjekk i alle fall bra, seier Damli.

I gode hender

Det er ikkje berre Damli som er lysten på å representere dei svenske fargane i den internasjonale musikkonkurransen.

Med seg på laget har ho også Anne-Grethe Starheim frå Nordfjordeid som sminkør.

– No set eg her med ein dobbel Americano, skal ha i oss noko mat før vi reiser til Arenaen. Der skal Anne-Grethe få polere litt på meg. Det er den beste førebuinga eg kan få. Då slappar eg godt av, vel vitande om at eg blir teken godt hand om, smiler Damli.

Lang kveld

– Det er ikkje så mykje som skal til. Vi har fått testa sminka to gonger i dag, og det såg fint ut, svarer Starheim som nyleg vann NM i makeup . Heller ikkje ho hevdar å vere særskilt nervøs. Men spent er ho.

Og budd på ein lang kveld med både pudderpose, lipgloss og det som må til for at Damli skal sjarmere det svenske publikumet. Det er ikkje berre på scena sogndalsjenta skal ta seg godt ut.

– Eg må nok innom Green Room inn mellom slaga, så no går det slag i slag til pressekonferansen er over klokka 22.30, seier ho og legg til:

Favoritt

– Men det kjennest ut som ein ferie. Det er i alle høve ein veldig artig jobb å vere med Tone. Det er aldri ei kjedeleg stund, legg ho til.

Svenske journalistar har allereie peika ut låta til delfinalens beste låt, og dermed nominert den til Årets Låt i kategorien Melodifestivalen beste låt. Utan at det gjer Damli noko tryggare på finaleplass.

– Det er både og. Vi meiner at låta er sterk, og at vi gjer den greitt. Men det er umogeleg å seie kva publikum tykkjer og røyster på, seier artisten.

Kler å vinne

– Kva seier magekjensla?

– Den seier at vi har ein sjanse om vi gir alt. Men her er mange sterke namn.

Starheim seier ho er spent, både med tanke på plassering – og ikkje minst korleis sminka tek seg ut. Men etter å ha sett duetten øve på å tape og vinne, er ikkje ho i tvil om kva som passar Damli best.

– Absolutt å vinne. Det kler ho veldig godt, gliser ho.