Hopp til innhold

Saluttflause endar i retten

Ein mann frå Måløy har fått 10.000 kroner i bot etter saluttflausen på Raudeberg 17. mai i fjor. No endar saka i retten, skriv Fjordenes Tidende.

Raudeberg 17. mai 2005.
Foto: Privat

Årsaka er at mannen nektar å vedta bota, fordi han er usamd i grunnlaget for reaksjonen.

På Raudeberg er det tradisjon for å leggje ut saluttar i sjøen på 17. mai. Men i fjor gjekk det gale. No har politimeisteren i Sogn og Fjordane på si side konkludert med at maskinentreprenøren som var ansvarleg for salutten ikkje var forsiktig nok. Politiet meiner salutten som skulle markere starten på nasjonaldagen på Raudeberg vart fyrt av for nær båten der det var to personar ombord. Salva trefte den lånte båten som fekk store skader og sokk. Dei to måtte hoppe i havet og vart berga av folk som såg hendinga frå land.

Vart kringkasta i utlandet

Episoden vart filma av fleire, og dei dramatiske bileta vart kringkasta i aviser både i inn- og utland. Båten vart seinare funnen på 40 meters djupne, og heva av eit dykkarfirma.

Den uhelde skytebasen vil overfor Fjordenes Tidende ikkje seie så mykje om den dramatiske hendinga.

- Eg har advokat som arbeider med saka, er alt han vil seie.