NRK Meny
Normal

Salsrekord og merke for god design

Lerum endra utsjånaden på solbærsirupen sin. Vips, så vart det salsrekord og merke for god design.

Lerum solbærsirup

NYTT OG VELLUKKA: Dei nye etikettane på solbærsirupen har fått merke for god design.

Foto: Lerum

Onsdag ettermiddag fekk Lerum og designbyrået Strømme Throndsen Merket for god design. Det skjedde i Oslo under Designdagen, den viktigaste møteplassen for designbransjen, næringslivet og offentleg sektor.

I Lerum hadde dei funne ut at etikettane på flaskene med solbærsirup var kjedelege og utdaterte.

– Designet var lite særprega, lite smaksrikt og litt kunstig, stikk i strid med innhaldet i flaskene. Vi ville ha eit design som fremja dei gode råvarene, seier Lene Solbrekken, som er kategorisjef i Lerum.

Salsrekord etter to månader

Dei nye flaskene kom i butikkhyllene i september i fjor, og designet fall heilt tydeleg i smak hjå forbrukarane. For alt i desember slo solbærsirupen frå Kaupangerskogen alle rekordar med ein marknadsdel på 57,3 prosent.

Det er Norsk design- og arkitektursenter som står bak prisen. Thea Mehl er prosjektansvarleg for designutmerkingar, og ho meiner design er svært viktig for gode varer.

– Bruk av kompetanse innan design er blitt nødvendig for å lukkast, nesten uavhengig av kva bransje du er i og kva målgrupper du rettar deg mot.

Det var i alt 128 søkarar til Merket for god design. 43 av dei får merket.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser