Etter at naboane skreiv protestskriv til kommunen og kravde bussen fjerna, bad ordførar Nils Støyva Helse- og sosialutvalet om å sjå på saka på nytt.
Men dei såg ingen grunn til å handsame saka på nytt, opplyser ordføraren.
- Bussen må vekk
Den store raude bussen som sel gatekjøkkenmat i Stryn sentrum ved sida av det verna Perstunet, har skapt oppheita diskusjon. Mange av naboane syntes ikkje noko om at Salsakongen fekk lov til å servere mat frå bussen, og at stolar og bord vart plassert ute på fortauet.
- Det kan ikkje vere slik at folk berre står bak bussen og pissar, det må vere visse grenser. Bussen må vekk! Det seier Asbjørn Sunde og Tore Geir Aaland, ufrivillige naboar til Salsakongen, som saman med fem andre naboar sendte protestskriv til kommunen.
Motaksjon
Men no kan altså Salsakongen uhindra halde fram med å selje både hamburgar og pommes frites, sjølvsagt med ein eigen salsavariant.
Men bussen har ikkje berre vore til forarging. Ungdomar i Stryn gjekk etter naboane sin protestaksjon til motaksjon og samla inn 250 underskrifter til støtte for Salsakongen. Og Salsakongen sjølv, Kent Hansen, er glad bussen får bli og takksam for støtta.
- Eg er sjølvsagt glad når nokon hjelper og støttar meg, så dette er fint, seier Salsakongen.