Saksøkjer arbeidsgjevaren

Fire noverande og tidlegare leiarar i Sogn barnevern vil gå til sak mot Sogndal kommune, skriv Sogn Avis. Dei fire har fått varslarsaker mot seg i den betente konflikten i barnevernet i Sogn. Leiarane hevdar dei rydda opp i arbeidsmiljøet og skuldar kommunen for å ha sett i gangs granskingsprosessar som har påført dei stor belastning.