Hopp til innhold

Saksbehandlingsfeil i kommunen

Dei tre partia SV, Ap og Sp ber Leikanger kommunestyre om å handsame den omstridde kraftutbyggingssaka på nytt.

Leikanger
Foto: Arild Nybø / NRK

Representantane frå dei tre partia meiner at ordførar Olav Lunden som var møteleiar, gjorde ein handsamingsfeil som vart avgjerande for resultatet.

Arne Monrad Johnsen frå Senterpartiet er ein av dei misnøgde. Han seier han ikkje fekk sleppe til med argumentet sitt.

- Det skjedde ein del ting i kommunestyret 9.juni som ikkje skulle skje, seier Monrad Johnsen. Dermed vart det der og då fleirtal for å gje grønt lys for utbygging av dei to elvane Henjaelvi og Grindselvi.

Venstre ville utsetje

Venstre var for å utsette saka, men stemde aldri for utsettingsforslaget. Fleirtalet som var for utsetjing av saka nådde aldri fram, seier Monrad Johnsen.

Dette var uheldig, seier senterpartirepresentanten og fortel at dei har klaga på dette.

Ordfører i Leikanger, Olav Lunden, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar om sakshandsaminga i kommunestyret.

Leverte mange underskrifter

Onsdag fekk ein ordknapp ordførar Olav Lunden i Leikanger 370 underskriftar frå innbyggjarar i Leikanger som vil ha folkerøysting om den omstridde kraftutbyggjinga.

Lunden trur ikkje at det blir ei folkerøysting sjølv om mange ønskjer det.

- Eg har sagt heilt klart i frå om at det etter mitt syn, ikkje er grunnlag for ei folkerøysting, seier Lunden.

Saka vil kome opp som ei orienteringssak i kommunestyret i Leikanger torsdag. Enno er det uvisst om det blir noko meir enn ei orientering.

Ein av initiativtakarane til underskriftslistene er Lisbeth Dahle. Ho håpar at alle underskriftene gjer inntrykk på medlemmane av kommunestyret.

- 370 underskrifter er 17 prosent av innbyggjarane i Leikanger og nesten 25 prosent av dei over 16 år, så eg håpar det gjer inntrykk, seie Dahle.

Ingen omkamp

Dette har ingenting med å få omgjort vedtaket i kommunestyret å gjer, men utgreiie saka best mulig og gje NVE best mulig bakgrunn for å ta si avgjerd, seier Dahle. Ho seier det er mange som også ønskjer ei kraftutbygging som har skrive under.