Hopp til innhold

Leitar etter påkøyrd hjort medan bilane susar forbi - men forsikring har dei ikkje

Mange av dei som driv med ettersøk av påkøyrde dyr må lite på si eiga private forsikring dersom dei skulle bli utsette for noko under søket. Og ofte dekker ikkje desse forsikringane eventuell skade.

Rudi Sønnervik

- VIKTIG SAK: Rudi Sønnervik seier at dei har jobba sidan 2010 med å få ei forsikringsordning for dei som driv med ettersøk. Ettersøkshunden heiter Stella.

Foto: Norges Jeger- og Fiskeforbund

Det er døme på at forsikringsselskapet seier at forsikringa ikkje dekker slik aktivitet, seier Rudi Sønnervik. Han er leiar av ettersøksutvalet i Sogn og Fjordane og fylkesinstruktør i Norges Jeger- og Fiskeforbund avdeling Sogn og Fjordane.

– Vi har arbeidd sidan 2010 med å få til ei eiga forsikring for dei som driv ettersøk, og vi har ikkje kome så mykje lenger.

Kva er grunnen til det?

– Ja, det er eit godt spørsmål. Eg veit rett og slett ikkje. Det var sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunar, fylkeskommune og politi. Det vart laga ein avtale som skulle vere dekkande, men vi har ikkje høyrt noko meir.

– Ikkje heilt enkelt

Jenny Følling er KS-leiar i Sogn og Fjordane og har vore med på møte om forsikringsordninga for dei som driv med ettersøk. Ho er for tida på reise i Moldova og kan ikkje seie kor langt dei er komne med saka

– Eg veit at det var ein del ting som gjorde at det ikkje var heilt enkelt å få det til.

NRK har prøvd å kome i kontakt med Jan Ryste, som er dagleg leiar i KS Sogn og Fjordane, men han er på ferie og har ikkje svara på vårt anrop.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Sæterlid

- OFTE FARLEG: Svein Sæterlid seier det ofte er risikabelt å leite etter påkøyrd hjort langs vegane. Her med ettersøkshunden Aiyla.

Foto: privat

Høg fart og mykje trafikk

Svein Sæterlid er leiar av Gaular ettersøksring. Han hadde i fjor mellom 20 og 30 utkallingar for å ta seg av påkøyrd hjort. Dei fleste av desse utkallingane var til E39, og der kan det fort oppstå farlege sitauasjonar, seier han.

– Det er høg fart og mykje trafikk, ofte i 80-sone og med mykje tungtransport. Så det er eit faremoment når vi skal gå der med hund i vegkanten på leit etter staden der påkøyrsla har skjedd.

Sæterlid er ikkje tilsett i Gaular kommune og er difor ikkje omfatta av dei kommunale forsikringsordningane.

– I dag er det våre private forsikringsordningar som er gjeldande når vi er ute på oppdrag.

– Har de teke opp dette med dei respektive kommunane?

– Vi har delvis gjort det. Vi er ikkje tilsette i kommunane, og dermed fell vi mellom to stolar. Men behovet er der, heilt klart, og det er noko vi må ta tak i og jobbe litt sterkare med.

Ettersøkshund og hjort

MANGE OPPDRAG: I gjennomsnitt blir ein hjort påkøyrd kvar dag på vegane i Sogn og Fjordane. Ein del av dei må leitast opp i terrenget.

Foto: Norges Jeger- og Fiskeforbund

– Ikkje dekt i det heile

Rudi Sønnervik seier det er svært vikitg å få ei eiga forsikringsordning for dei som tek desse oppdraga.

– Dette er ei gruppe menneske som utfører oppdrag som kommunane er pålagde, til tider farefulle oppdrag. Då må det ligge ei forsikring i botnen for dei som utfører oppdraga.

For det er ikkje gitt at dei private forsikringane dekker skade og eventuelle dødsfall når folk er ute på ettersøk.

– I verste fall, om nokon skulle omkome, risikerer vi at vedkomande ikkje er dekt i det heile. Vi har døme frå andre delar av landet der dei private forsikringane ikkje dekker skade på slike oppdrag.

I jakttida har dei som driv med ettersøk ein del oppdrag med å leite opp skadeskoten hjort. Desse oppdraga er ikkje like risikable som søk etter fallvilt, altså påkøyrde dyr.

– Då er ikkje faremomenta like store, for vi har ikkje trafikk inne i biletet. Men vi er ute i all slags terreng, og vi kan sjølvsagt bli utsette for fallulukker og anna, men stort sett er det ikkje så farleg under jaktettersøk som etter fallvilt, seier Svein Sæterlid.