Hopp til innhold

– Det einaste som manglar er McDonalds

Dei ferske studentane har lite å utsette på Sogndal. I dag var det klart for studieopning for hundrevis av nye studentar.

Studieopning på Høgskulen

GODT TEKNE IMOT: Fadrane frå dei ulike faga stod klar til å ta imot alle dei nye studentane som byrja i Sogndal i dag.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er litt skrekkblanda fryd å vere her i dag seier den ferske Sogndal-studenten Siri Indrevær.

Indrevær kjem frå Askøy utanfor Bergen og skal gå på årsstudium i idrett.

– Det er litt kjekt å kome her med blanke ark. Spesielt kjekt er det å kome til så vakker natur, seier Indrebø som likar å gå tur i fjellet.

Og nettopp naturen var hovudgrunnen til at ho valde Sogndal som studiestad. Interessa for naturen deler ho med medstudent Ellen Nesbø frå Jar. Bærumsjenta har kajakk som hovudinteresse og ser fram til å kunne ta fjorden i bruk.

– Her er kjempefine forhold, og no har "vått-gruppa" i Sogndal og starta med elvepadling så det gler eg meg til, og håpar at det blir kjekt.

Ferskt vennskap

NYE VENER: Dei har berre kjent kvarandre i tjue minuttar, likevel har Siri Indrevær, Ellen Nesbø og Marie Øverland allereie funne tonen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Med sine 3800 studentar er Sogndal ein etter måten liten studiestad, men akkurat det og ikkje minst naturen rundt er årsaka til at mange av dei 800 førsteårsstudentane har valt nettopp Sogndal som studiestad.

Smått er godt

– Det er ganske herleg å kome til ein liten plass. Sogndal er ei studentbygd med studentar over alt. Storbyen kan bli litt for stor.

Det seier Endre Hamre frå Asker.

Godt førsteinntrykk

TRIVEST I SOGNDAL: Joakim Lirhus og Endre Hamre har berre vore i Sogndal i tre dagar, men førsteinntrykket er lovande.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det einaste eg kanskje vil sakne er McDonalds, ler Hamre. Elles er førsteinntrykket berre bra. Sogndal er ei veldig fin studentbygd. Ein kan vere seg sjølv, og ein finn alltid nokon å vere med.

Hybelkamerat Endre Lirhus frå Voss er også fersk i Sogndal.

– Eg har vore her ei helg tidlegare det er alt. Førsteinntrykket mitt er godt, og eg er veldig imponert over sjølve campus der alle skular og stadion er samla på ein plass.

Siste år som rektor

Men om mange er spente på første kva det første skuleåret vil bringe er det og dei som tek fat på sit siste skuleår.

Rektor Åse Løkeland heldt i dag velkomsttale til studentane for siste gong som rektor. No tek ho nemleg fatt på det åttande og siste året som øvste leiar for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Åse Løkeland

STUDIESTART: Helsa nye studentar velkomen for siste gong som rektor.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er ein fest kvar haust når studentane kjem. Slik er det i år også. Eg trur nok ikkje kjensla av at det er siste året som rektor kjem før til våren.

Løkeland har ei oppmoding til alle dei ferske studentane som no kjem til Sogndal

– Det er at dei må kome seg raskt i gang med studiearbeidet. Det er klart det er litt spesielt no med fadderveka, men ein må og hugse at ein er her for å utdanne seg.

–Skal ein kome igjennom studiet på tre år så må ein jobbe.