NRK Meny
Normal

Sakna turgåar funnen i god behald

Mannen i 30-åra som var sakna i fjellområda mellom Flåm og Gudvangen, er funnen i god behald.

leiteaksjon aurland

BASE: Politi og redningsmannskap samla seg på Røde Kors-bygget i Aurland. Totalt var to helikopter, 18 personar frå Røde Kors og eit ukjent tal sivile kjentfolk involvert.

Foto: NRK-tipsar

Mannen la ut på tur laurdag morgon, og skulle ifølgje politiet gå frå Flåm til Gudvangen i Aurland kommune. Han kom ikkje heim laurdag kveld, og tidleg søndag morgon vart leiteaksjonen starta.

Klokka 14.30 søndag melder politiet altså at han er funnen i god behald, nær Ramsøy nord for Gudvangen.

Store styrkar leita etter mannen

Totalt var to helikopter, 18 personar frå Røde Kors og eit ukjent tal sivile kjentfolk involvert i leiteaksjonen. Sivilforsvaret var på veg då mannen vart funnen.

– Vi søker for fullt i fjellområdet mellom Flåm og Gudvangen. Både politi, Røde Kors, frivillige kjentfolk. Eit Sea King-redningshelikopter med varmesøkjande kamera og eit Airlift helikopter er med. Sivilforsvaret er på veg, sa operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Espen Gulliksen, klokka 13.55.

Dei var då klare for ein lang leiteaksjon.

– Dersom vi ikkje finn vedkomande, er sivilforsvaret budd på å overnatte på ei av hyttene i fjellet, sa Gulliksen.

Stort søksområde – bratte fjellsider

Siste kontakt med den sakna hadde pårørande via telefon laurdag kveld. Men alle forsøk på å nå han over telefon seinare, var mislukka. I siste samtale fortalde den sakna at han skulle starte på nedstiginga mot Gudvangen.

Søket vart konsentrert om fjellskråningane ned mot Gudvangen, og vidare sørvestover mot Stalheim.

– Det er svært vanskeleg og bratt terreng ned mot Gudvangen, men kjentfolk i området seier det skal vere mogleg å gå ned, forklarte Gulliksen søndag føremiddag.

Det vart også søkt lenger aust, mot Flåm. Mannen var rusta for ein dagstur, men ikkje for overnatting.

Redningsaksjon Aurland

SØK: Eit helikopter som landa ved basen for redningsaksjonen i Aurland i føremiddag. To helikopter var med i søket.

Foto: foto: NRK-tipsar

To helikopter med i søket

Operasjonsleiar Gulliksen skildra fjellområdet mellom Flåm og Gudvangen slik:

– Det ligg jamt over på 1300–1400 meter. Det er kupert. Opp frå Flåm er det bratt, ned til Gudvangen er det veldig bratt.

Eit Sea-King redningshelikopter med varmesøkjande kamera var med i leiteaksjonen. Også eit Airlift-helikopter i området gjorde grovsøk i fjellområda.

Seint i går kveld hadde mannen berre lys frå ein gamal mobiltelefon. Han er ikkje godt kjent i området.

– Vi kan ha eit stort søksområde. For vi veit ikkje om han har gått der han hadde bestemt seg for å gå, forklarte Gulliksen.

Laster kart, vennligst vent...

BRATT: Mannen skulle gå frå Flåm til Gudvangen. Politiet skildrar både turen opp, og spesielt nedstiginga til Gudvangen, som svært bratt. Difor søker dei også sørvestover mot Stalheim i Hordaland fylke.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.