Hopp til innhold

Stor leiteaksjon etter mann som var sakna

Mannen som har vore sakna frå bustad i Florø siste døgnet, er no komen til rette.

Leiteaksjon i Flora

LEITAR: Folk frå Florø brannvesen har delteke i søket etter den mannen.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Han skal vere i god fysisk form, opplyser politiet.

Utover stadfestinga vil ikkje politiet gje ytterlegare opplysningar kring omstenda.

Stor leiteaksjon

Det har sidan måndag kveld vore søkt etter mannen i 30-åra. I føremiddag blei det sett inn redningshelikopter med varmesøkande kamera i leitinga.

– Vi trappar opp leiteaksjonen no på føremiddagen, og har bede om bistand frå Hovudredningssentralen, sa operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Politiet ba folk ta kontakt om dei hadde informasjon, eller såg bilen som vart etterlyst i samband med forsvinninga. I heile natt vart det søkti store område, både i Sunnfjord og i Ytre Nordfjord.

Ikkje gjort nokon funn

Klokka 05.00 tysdag morgon opplyste operasjonsleiar Olaug Holme til NRK at leiteområdet er svært omfattande.

seaking

HELIKOPTER: Politiet fekk bistand om bruk av helikopter i søket.

– Vi har ikkje gjort nokon funn, verken av den sakna mannen i 30-åra eller bilen som vi har etterlyst. Vi har leita i Florø, Bremanger, Naustdal og Førde. Utan at vi har gjort nokon funn, seier Holme.

Varsla ferjer og drosjer

Politiet varsla rutinemessig alle ferjer og drosjer i Sunnfjord og Nordfjord, men dei har ikkje fått nokon tilbakemeldingar derifrå.

Det var mannen sin familie som melde mannen sakna i går kveld, og den første etterlysinga frå politiet blei send ut rett før 21.30 i går kveld.

Familiefaren vart sist sett i Florø sentrum rundt klokka 15 måndag ettermiddag. Han skulle på jobb, men dukka aldri opp der.