Politiet organiserte leitinga frå kontoret til sivilforsvaret. MMS-foto: Harald Kolseth.
Mannen frå Nordfjordeid var sakna i fjellområdet mellom Lote og Nordfjordeid der han var på sauesanking. Han vart meld sakna til politiet klokka 18.40 søndag. Då var dei andre som hadde delteke i sankinga kome fram. Litt før klokka 23.00 kom han altså til rette.
86 personar leitar
86 personar vart sette inn i søket etter mannen. Folk frå politiet, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norske Redningshundar i tillegg til frivillige deltok. Mannen er godt kjend i fjellområdet, van i fjellet, men var ikkje kledd for overnatting ute. Søndag kveld var veret for dårleg til å bruke helikopter i leitinga.