Hopp til innhold

Sakna mann funnen

Den sakna mannen som det vart leita etter i Førde er funnen i god behald, melder politiet klokka 23.40 søndag.

Leiteaksjon i Førde sentrum

LEITAR I FØRDE SENTRUM: Politiet og Røde Kors leita etter ein person i Førde sentrum.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Politiet og Røde Kors leita søndag kveld etter ein mann i 20-åra i Førde sentrum. Mannen dei leita etter er pasient ved Førde sentralsjukehus.

Leitinga vart konsentrert om Førde sentrum, og politiet varsla om at enkelte område kunne verte opplyst medan leiteaksjonen pågjekk.

Politiet opplyser at mannen vart funnen i utkanten av Førde sentrum.