Hopp til innhold

Sakna lensmannen i toget

– Eg sakna lensmannen, for å seie det enkelt. Men elles har det vore ein strålande 17. mai.

Lensmann Ove Andersen takka nei til å gå i 17. maitog grunna væpninga av politiet. Foto: Noralv Pedersen

UTAN POLITI I FRONT: Folketoget i Vik måtte i år klare seg utan lensmannen som protesterte mot at politiet må gå med våpen. Foto: Noralv Pedersen

Slik summerer Vik-ordførar Marta Finden Halset opp nasjonaldagen i Sognebygda der lensmannen før helga skapte nasjonale overskrifter.

Protesterte mot væpna politi

Med bakgrunn i den mellombelse generelle væpninga av norsk politi, takka lensmann Ove Andersen nei til å gå fremst i folketoget i Vik, slik tradisjonen har vore.

Lensmann i Vik, Ove Andersen

VILLE IKKJE GÅ MED VÅPEN: Lensmann Ove Andersen i Vik i Sogn bestemte seg for å droppe 17. mai-toget i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg kan ikkje sjå at festdagen for ungane og bygdefolket elles skal vere prega av eit uniformert politi som også har våpen på seg. Det tykkjer eg ikkje passar seg på vår festdag, sa Andersen til NRK.

Lensmannen har i ettertid fått mange støtteerklæringar på Facebook og Twitter.

Ikkje i tog

Politimeister Ronny Iden i Sogn og Fjordane politidistrikt aksepterte at lensmannen takka nei til å gå i folketoget. Politimeisteren streka under at ein ikkje skulle måtte sjå våpen i sjølve 17. mai-toget.

– Men det som er bestemt er at den ordinære væpninga av norsk politi er gjeldande og ein må førebu seg på at ein ser væpna politi også på 17. mai, men ikkje i toget, sa Iden til NRK.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Ove Andersen i 17. mai-toget 2014

I FJOR: Her marsjerer lensmann Ove Andersen fremst i 17. mai-toget i Vik i Sogn i fjor. Slik blei det ikkje i år. Foto: Noralv Pedersen

– Lensmannen eit viktig symbol

Når folketoget byrja sin marsj i Vik søndag, var det likevel utan lensmann Andersen i front. Det beklagar ordføraren.

– Eg tykkjer lensmannen i fronten av toget er eit flott symbol på systemet vårt, og lovverket vårt. Så kjem dei folkevalde etter som symbol på demokratiet, og deretter resten av folketoget. Så eg sakna lensmannen, seier Halset.

Ho reagerer på den generelle væpninga av norsk politi, som no har vart i eit halvt år.

– Eg kan ikkje forstå at det skal vere naudsynt med væpna politi i små norske bygder. Og i alle fall ikkje på borna sin festdag.

Og festdag det blei det i Vik også i år, utan lensmannen, forsikrar ordføraren.

– Vi har hatt ein flott dag. Vi var redde for regn, men heldigvis vart det ein fin dag, Vi hadde eit langt folketog klokka og det var smekkfull med folk i Blixhalli etterpå. Og så har vi fått skulemusikken på fote att. Så dette har vore ein kjekk dag!

Foto: Noralv Pedersen

MEN FOLKET STILTE: Slik såg deler av folketoget i Vik ut i år. Foto: Noralv Pedersen