Hopp til innhold

Sakna komen til rette

SISTE: Mannen i slutten av 20-åra som har vore sakna i Førde er komen til rette, opplyser politiet.

Leiteaksjon i Førde

LEITAR I SENTRUM:

Foto: Ger Bjarte Hjetland / NRK

– Mannen vart funnen etter tips frå publikum, og er no teken hand om av politi og helse, seier Odd Arne Solvåg som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt i Florø, når NRK snakkar med han like før klokka 8.30.

– Korleis hadde mannen det då han vart funnen?

– Han har det tilsynelatande bra, seier Solvåg.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kvifor mannen har vore vekke.

Laster Twitter-innhold

Mannen vart meld sakna tysdag kveld, og leitinga vart sett i gang klokka 21.30. Operasjonsleiar Olaug Holme i Vest politidistrikt seier at dei mellom anna har hatt hjelp av redningshundar og Røde Kors.

– No er det mannskapsbyte, og så kjem vi til å halde fram. Vi håpar at folk er observante og seier frå om dei ser ein mann som passar med signalementet. Dei kan ringe 02800.

Mannen er 180 centimeter høg, veg 76 kilo, er normalt bygd. Han har mørkt hår og var kledd i lys t-skjorte, mørkeblå jeans og kvite sko. Han haltar litt på høgre foten.

Leitinga har så langt vore konsentrert om Førde sentrum og utover Steinavegen. Olaug Holme seier at dei no vil utvide søkeområdet ut frå der mannen sist var sett.

Leiteaksjon i Førde

FØRDE SENTRUM: Leitinga har konsentrert seg om Førde sentrum og nærliggande områdee.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK