NRK Meny
Normal

Sakna i Stryn funnen

Ein 19-åring frå Stryn vart litt før klokka sju funnen i god behald etter ein leiteaksjon natt til onsdag.

Store mannskap har leitt etter 19-åringen etter at sambuaren hans melde han sakna i to-tida i natt.

Både mannskap frå Røde Kors, frivillige og redningshundar har vore med i leitinga.

Meld sakna av sambuaren

Operasjonsleiar Wenche Hope ved Sogn og Fjordane Politidistrikt seier 19-åringen vart meld sakna av sambuaren då ho i to-tida om natta oppdaga at han ikkje var heime.

Spasertur til Blakset

19-åringen har forklart at hadde trong for å gå ein tur, og han hadde gått til Blakset, ein tur på 12-13 kilometer. Han var på veg heimatt då han vart funnen mellom klokka 6.30 og sju onsdag morgon.