Hopp til innhold

Sakna i Førde sentrum

FØRDE (NRK): Det vert framleis leita etter ein mann i Førde sentrum. Mannen vart meldt sakna etter ein fest i natt. Politi, Røde Kors, Norske redningshundar og eit ambulansehelikopter er med i søket.

Sivilforsvaret leitar i Angedalsvegen

LEITEAKSJON: Politiet har no sett i gang leiting etter ein sakna mann i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Manne vart sist sett ved 03:30-tida i Angedalsvegen i Førde, då han forsvann frå ein fest i berre sokkane.

– Årsaka til at vi har sett i verk leiting er at han var rusa og hadde svært lite klede på seg då han forsvann, seier Olaug Holme, som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Han har på seg mørk t-trøye og mørke bukser og var utan sko då han forsvann.

Etter å ha leita i området i fleire timar, har politiet førebels få spor etter Søvig og er interessert i tips om folk har sett noko. Innstatsleiar for politiet fortel at dei har som utgangspunkt at den sakna framleis er i live.

Innsatsleiar i politiet Kjell Bolsøe

HÅPAR PÅ FUNN I LIVE: Innsatsleiar i politiet Kjell Bolsø trur framleis det er håp for å finne Tommy Søvig i live.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det byrjar å bli kaldt ute, og den sakna har berre tynne klede på seg. Vi håpar likevel på eit positivt resultat av leiteaksjonen, og har det som utgangspunkt. Det seier innsatsleiar Kjell Bolsø.

Helikopter leiter i Førde sentrum

HELIKOPTERSØK: Ein luftambulanse er sett inn i leitearbeidet, og driv med luftsøk i området kring Angedalsvegen og elva Jølstra.

Foto: NRK-tipsar

Forsvann frå fest

– Vi veit ikkje noko meir enn at han forsvann frå Angedalsvegen. Dersom nokon har observasjonar så ber vi dei om å ta kontakt på 02800. Vi ber og folk som bur i området om å sjekke uthusa sine, seier Holme.

Leiteaksjonen tok til med rundt 10 menneske i dag tidleg, men frå klokka 10 vart leitinga trappa opp og det er no over 25 leitemannskap som saumfarer området. Ein luftambulanse driv også søk ifrå lufta.

– Vi aukar no opp med folk frå Sivilforsvaret og Røde Kors. Om vi ikkje finn noko i området der vi leitar no kjem vi til å utvide, seier innsatsleiar Kjell Bolsø.

Finsøk i nærområdet

Til no har det vore søkt i nærområdet frå Slåtten skule og nedover langs Angedalsvegen mot Førde. Sivilforsvaret, Røde Kors er ute i lag med brannvesenet.

Hund i leiteaksjon i Førde

HUNDESØK: Ein hund er med i leiteaksjonen langs Angedalsvegen i Førde.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sivilforsvaret deltek sju personar frå avdelinga i Førde og 12 personar frå avdelinga i Florø.

– Det vert gjort finsøk i heile det området. Så langt har vi ingen observasjonar eller informasjon. seier Bolsø.

Politiet har vore i kontakt med taxi, buss, hotell, nærliggande utan å få ny informasjon om den sakna.

– Vi har også fått hund som hjelper til, og ventar fleire i løpet av dagen, seier Bolsø.

leiteaksjon i Førde