Av:
Frode Søreide
Foto: Eva Westvik, NRK
Mannen vart meldt sakna rundt kl 19.30 søndag, då han enno ikkje var komen til rette. Han vart funnen ved midnatt, ikkje langt ifrå staden der han sist vart observert natt til søndag. Politiet har ikkje mistanke om at det ligg noko kriminelt bak drukninga, men den omkomne er sendt til obduksjon.
Politi, Røde Kors og redningsskøyte deltok i leitinga etter 20-åringen.