Hopp til innhold

Sakna 85-åring funnen død

Mannen som vart meldt sakna tidlegare i dag er no funnen omkomen.

Leiteaksjon: Stryn 17.januar

FUNNEN: Mannen vart funnen omkomen laurdag ettermiddag.

Foto: Roger Vik

– Mannen vart funnen i utkanten av Stryn sentrum. Det er ikkje mistanke om noko straffbart, men det vert gjort ein rutinemessig obduksjon, seier operasjonsleiar hjå politiet operasjonssentral, Kjetil Drange.

Pårørande er varsla.

Mannen vart meldt sakna etter at han ikkje kom heit etter ein biltur fredag ettermiddag.

– Politiet, Røde Kors, Norske Redningshundar og Brannvesen leitar etter ein 85 år gamal mann som sist vart observert klokka 18 vest for Stryn sentrum i går kveld, sa operasjonsleiar hjå Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes, tidlegare idag.

Bilen hans vart i dag lokalisert i Stryn sentrum ved Bunnpris, og familien meldte han sakna.

Politiet hadde sikre opplysningar om at ein mann som passar utsjånaden vart observert gåande vestover ved Stryn stadion rundt klokka 18.00 i går kveld,

Mannen var kledd i ei lysegrå, tynn regnjakke, brun bukse og brune låge sko. Han hadde ikkje hovudplagg.

– Med det vi veit no så er det ikkje noko som tyder på at han var kledd for å vere ute i natt, sa Hatlenes medan leiteaksjonen pågjekk.

Mannen er kring 180 centimeter høg. Han er slank med smalt ansikt og lite grått hår.

– All informasjon av vedkomande eller personar som kan likne ønskjer vi å vite om. Vi ønskjer spesielt av dei som bur vest for Stryn sentrum er merksame med å sjekke eigedomar og vegar, seier Hatlenes.

Leiteaksjon etter sakna mann i Stryn

LEITEAKSJON: Røde Kors er blant dei som deltek i leiteaksjonene etter den sakna 85-åringen.

Foto: Roger Vik