Hopp til innhold

Sakna 24-åring forsvann også for seks månadar sidan - no leitar dei i same terreng

ÅRDAL (NRK): Den 24 år gamle eritrearen som har vore sakna i Årdal i to veker, forsvann frå mottaket i Årdal for seks månadar sidan. Men dukka opp etter eitt døgn.

Sakna asylsøkjar frå Eritrea

DELTOK I LØP: Den sakna eritrearen deltok i Vettisløpet i fjor, og skal vere godt kjend i området i Utladalen.

Foto: Privat

– Eg kan stadfeste at han var vekk eitt døgn. Han dukka opp av seg sjølv, og oppgav som forklaring at han hadde hatt eit behov for å vere for seg sjølv, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Den gongen var mannen i Fardalen.

24-åringen har fått innvilga opphaldsløyve i Norge, og vart sist sett torsdag 23. mai. Den siste sikre observasjonen vart gjort på ettermiddagen ved Vetti Gard, om lag fem kilometer frå der bilvegen sluttar ved Hjelle.

Fardalen og Vettisdalen

36 eritrearar er med på søket

I tillegg til Røde Kors, Norsk Folkehjelp og politiet har 36 eritrearar frå både Årdal og Sogndal teke turen til Årdal for å hjelpe til i leitinga.

Dei ønskte helst å gå i området der den sakna 24-åringen forsvann sist.

– Dei ville helst gå i Fardalen. Hadde vi hatt nok folk sjølve, hadde vi også søkt der. Når dei har lyst å gå der, så hjelper vi dei med det, seier Knudsen.

Eritrearane skal gå langs vegen i Fardalen, med hjelp frå politi og Røde Kors.

– Det er rørande at dei vil vere med å hjelpe, og det er spesielt. Men det er også ei utfordring, seier Knudsen.

Han presiserer at på grunn av krevjande forhold i terrenget og manglande lokalkunnskap, vil han ikkje tillate at dei er med i aktivt søk i terrenget.

– Men dei kjem til å gå langs vegen i Fardalen, seier Knudsen.

Leitar etter vennen sin

VIL HJELPE: F.v. Tsegay Alem og Matiowos Tecle er i dag med og leitar etter vennen sin.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Tungt å ikkje vite

– Vi er triste, og vi vil gjerne vere med å hjelpe, seier Tsegay Alem og Matiwos Tecle, som er på veg ut i området for å leite.

– Vi må gjere det vi kan, seier Tecle, som understrekar at det er tungt å ikkje vite kva som har hendt med 24-åringen.

Tidlegare har det vore søkt i området ved Vetti Gard og Vettisfossen, og også i dag vil det verte gjort finsøk her.

– Vi skal ha finsøk i Vetti i dag. Det vil også bli søkt med undervasskamera i einskilde kulpar der vi ikkje tidlegare har søkt, seier Knudsen.

Startar opp søk

SAMLA SEG: I morgontimane samla både frivillige, mannskap frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp seg til søk.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Viktig for familien å få svar

Han legg ikkje skjul på at dei håpar dei gjer funn i dag.

– Slik at familien får svar. Får vi ikkje det, så veit vi iallfall at vi har gjort jobben. Innsatspersonell har gjort ein fantastisk innsats. Eg er rørt, seier Knudsen.

Politiet har sendt inn mobiltelefonen til den sakna mannen, men dei har førebels ikkje fått nokon svar som har ført etterforskinga i noko retning.

– Vi har avhøyrt ein del personar som stadfestar informasjon vi allereie veit. Det er ingenting som talar for at han er utsett for noko straffbart, seier Knudsen.