Av Terje Gilleshammer og Brit Jorunn Svanes
- Då vart vi alle glade, for det er jo det vi ønskjer. Det sa ei letta Sonja Lund i Gaular Røde Kors klokka eitt i natt.
Kom vekk frå gruppa
Skadestadsleiaren i arbeid.
Då hadde ho og 90 andre søkt i fleire timar etter den tolv år gamle funksjonshemma guten. Ein luftambulanse frå Førde deltok ei stund i søket, men måtte gje seg på grunn av dårleg sikt. Tidlegare på kvelden hadde alvoret lege over hjelpemannskapa. Guten kom vekk frå ei turgruppe med funksjonshemma litt etter klokka 16 torsdag ettermiddag.
Ulendt terreng
Området som guten forsvann i er ulendt med ei elv som renn gjennom dalen. Difor vart det kalla inn mannskap frå Naustdal, Førde, Jølster, Gaular og Fjaler. Men tida gjekk, og ingen høyrde eller såg noko.
Kom til eit hus
Men klokka kvart på eit kom ein telefon til politifyrstebetjent Åge Løseth i Fjaler lensmannskontor.
- Guten vart funnen i god form. Han kom gåande inn i eit hus like ved utkanten av Dale sentrum, seier han.
Stor innsats
Dermed kunne alle dei frivillige endeleg pakke i hop. - Det har vore ein stor innsats. 90 frivillige har stilt opp her i løpet av nokre timar, seier politifyrstebetjenten.
Mange frivillige var med på leitinga etter guten. Foto: Cosmin Cosma, NRK