NRK Meny
Normal

Sakna 11-åring funnen nær heimen

Politiet har no avblåst leiteaksjonen i Vadheim etter ei jente på 11 år med diagnosen autisme.

Røde Kors, Sivilforsvaret og Norske redningshundar vart kalla ut, men før dei kom i gang med søket vart jenta funnen av familien ikkje så langt frå heimen. Jenta var i god behald.

Politiet fekk like før klokka 13.30 melding om at jenta hadde forsvunne frå heimen ved Hovden i Vadheim. Då hadde ho vore vekke i ein halv time. 11-åringen forlèt heimen til fots, men det var usikkert kva retning ho tok vegen. I samråd med familien valde politiet å gå ut med informasjon om diagnosen.

– Det er eit særtrekk, og det er på grunn av diagnosen hennar at vi har sett i gang leiteaksjon så raskt, sa operasjonsleiar Wenke Hope til NRK klokka 13.30.

Ifølgje operasonsleiaren får jenta tett oppfølging til dagleg.

– Det hadde ho også i dag, men på ein liten augneblink der ein ikkje følgde med på ho, var ho vekke.

Laster kart, vennligst vent...
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast