Hopp til innhold

Ho er den andre i fylket som har teke svenneprøve i dette faget

Sakiba Arnautovic bestod i går sveineprøva i kostymesyerskefaget. Med det er ho den andre frå Sogn og Fjordane nokosinne som har teke denne utdanninga.

Created by InfoDispatcher

GLAD: Sakiba Arnautovic frå Førde er glad for at sveineprøva er unnagjort. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

– Eg er den andre i Sogn og Fjordane som har teke dette sveinebrevet, fortel

Arnautovic.

Ho fortel at det var vanskeleg å få lærlingplass innan kostymesyerskefaget, og at arbeidsmarknaden er tøff, sjølv om ho har ei spesiell utdanning.

Kostymesyerfaget har status som verna fag, noko som betyr at det er svært få lærlingplassar. Kvart år er om lag fem personar oppe til sveineprøva.

Ikkje så lett å få lærlingeplass

Det var ikkje beint fram å få lærlingplass, men Arnautovic er svært glad for at det ordna seg til slutt.

– Det var ikkje heilt lett, men til slutt så fekk vi det til, seier ho nøgd.

21-åringen legg til at det er eit krevjande yrke ho har valt seg.

For det krevst ikkje berre at du er god med nål og tråd. I fagplanen vert det også lagt vekt på modellering, materialkunnskap og bedriftslære.

Må ha kunnskap om mykje forskjellig

Ein må også ha kunnskap til korleis fargar, material og design har vore representert i dei forskjellige tidsepokane.

– Ein må kunne litt om både drakt- og kunsthistorie, slik at ein kan halde seg innanfor rett tidsepoke, som vi får frå scenografane, seier Arnautovic.

Eksamenskreasjonen i sveineprøva skulle vere innanfor tidsepoken andre del av 1400-talet, altså frå 1450 til 1500-talet, i Sør-Europa.

– Det har vore vanskeleg å halde seg innanfor rette land og tidsepoke. Det har vore ein krevjande, men kjekk jobb, seier Arnautovic.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sensorane

BESTOD MED GLANS: Sensorane f.v. Elin Rørvik og Christina Espedal var godt nøgde med oppgåva til kandidaten.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Kjem til å halde fram med å sy

Den vakre drakta, som er sveineprøva hennar, har ho brukt mykje tid på å komme fram til.

– Eg har leita ein del i bøker og søkt litt på Internett, og så har eg laga mi eiga skisse. Det har vorte til den ferdige drakta, seier Arnautovic.

Med sveineprøva i boks, har Arnautovic planen for framtida klar.

– Eg skal vidare til Voss for å sy bunadar. Eg skal halde fram innanfor sying, men ikkje kostymesying, seier Arnautovic.

Er eit spesielt fag

Skilnaden på å vere kostymesyerske og vanleg syerske er ganske store.

– Det er ein heilt annan teknikk, på mange område. Til dømes må kostyme tole mykje meir slitasje. Det slit meir på kostyme som ein brukar på scena, enn klede, seier kostymeansvarleg ved Sogn og Fjordane teater, Anna Wingård.

Ho er den første frå Sogn og Fjordane som tok sveineprøva som kostymesyerske.

Ho fortel at skodespelarar ofte er ganske fysiske når dei opptrer, difor må kostyma tole både at dei spring, rullar på bakken, og går på knea på scenegolvet.

– Er det film, kan det også vere krav til eit svært høgt detaljnivå når det gjeld saumar. Spesielt dersom det vert nærbilete, så det blir noko heilt anna enn å sy private klede, seier Wingård.