Styreleiar Tore Thorsnes i Helse Førde. Arkivfoto NRK
Ekteparet meinte helseføretaket braut lova då dei la ned deler av akuttberedskapen ved Nordfjord Sjukehus, og difor melde dei Helse Førde ved styreleiar Tore Thorsnes til politiet. Helseminister Ansgar Gabrielsen vart og meld.
Årsaka til at saka no er lagd bort, er at politiet ikkje kan sjå at helseføretaket har gjort noko straffbart, seier politiadvokat Magnar Austrheim til Fjordenes Tidende.