Hopp til innhold

Planane om Sagastad klare – ventar berre på å få finansiert vikingattraksjonen

Draumen om eit fullskala vikingskip på Eid er eit hakk nærare å bli realisert. Prosjekt Sagastad er no er blitt eit stifting.

Sagastad Tøger Lien

VIKINGSKIP: Vikingskipet Myklebust er det største vikingskipet som det er funne restar av i Norge. Tøger Lien er styreleiar i prosjektgruppa for Sagastad.

Foto: Arkikon/Norplan/AW/Harald Kolseth / /NRK

Prosjektgruppa for Sagastad har hatt sitt siste styremøte – for no er dei blitt til ei stifting.

– No vil prosjektet gå over i ei ny fase, der vi no innbyr til eit stiftingsmøte for stiftinga Sagastad som skal ha som oppgåve å vidareføre prosjektet, seier styreleiar i prosjektgruppa for Sagastad, Tøger Lien.

Planen er å gjere vikingtida på Nordfjordeid om til ein turistattraksjon. Det største vikingskipet som det er funne restar av i Norge, blei i si tid utgjeve her.

Hovudattraksjonen vil vere eit sjødyktig 30 meter langt vikingskip plassert midt i fjøresteinane med silhuett mot Eidsfjorden.

– Prosjektet har teikna rammene på det vi kan tenkje oss som eit framtidig Sagastad, vi har båten og rammene rundt den, vi har huset med arkitektkonkurransen, og no må vi starte med finansieringa. Då er det meir praktisk å jobbe som ei stifting, seier Lien.

Brosjyren klar – jaktar bidragsytarar

Lien seier at prosjektet no er kome så langt at dei har gitt ut ei brosjyre som skildrar Sagastad i detalj. Her er også med berekningar på kostnad- og besøkstal som bidragsytarar kan leggje til grunn.

Det er snakk om store summer som skal til for å byggje vikingskipet og hallen det skal stå i.

– Då er det opptil nordfjordingane om dei er villige til å bidra med det som er naudsynt, men det er klart at her snakkar vi om ei ramme på nærare 70. millionar totalt, seier Lien.

– No vil driftsinntektene vise at prosjektet klarar eit betydeleg lån, men likevel treng ein fleire titals millionar i eigenkapital som vi må hente frå det lokale næringslivet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sagastad

SKISSER: Slik er planen at bygget som skal romme vikingskipet skal sjå ut. Eit rundt bygg med vikingskipet i midten. Nedst til venstre ser ein skisse av korleis opplevingsrommet vil sjå ut.

Foto: Nordplan/AW/Arkikon

Eit opplevingssenter

Eid kommune har allereie stilt med tomt til disposisjon. For dei som er lokalkjend vert plasseringa av Sagastad mellom Moengården vest og Ekspedisjonen. I dag er her sjøvatn som skal fyllast ut.

– Føremålet med Sagastad er å vise litt av korleis det har vore her tidlegare og fjorden sin betydning i vikingtida. Det skal vere eit opplevingssenter meir enn eit museum, fortel Lien.

– Kor trygg er du på at det vil kome folk for å sjå eit vikingskip i ein hall da?

– No er det gjort omfattande undersøkingar rundt dette og det er først og fremst internasjonale turistar og særleg då cruisepassasjerar som då vil utgjere det store volumet, forklarar han.

Pengar den store utfordringa

– Eg tykkjer det har vore fantastisk spennande og moro å få jobbe med dette prosjektet. Eg trur vi skal klare å få til noko som verkeleg skal gje gjenklang langt utover eige området, fortel Lien.

– Er du trygg på at dette vert gjennomført?

– Nei, det kan eg ikkje vere. Det er mykje pengar, så det er klart at det er den store utfordringa, seier han.

Lien trur ei realisering av prosjektet vil ha mykje å bety. Ideelt sett kan det stå klart i 2017, seier han.

– Dette er med på å dokumentere vår historie og gjere den lettare å forstå, seier han.

Myklebustskipet, Sagastad

STORT: Denne teikninga viser storleiken på Myklebustskipet.

Foto: Arkikon