Ruth Hammar sykla inn på Angedalsvegen, og nedover den same vegen som Anne Slåtten gjekk då ho skulle på arbeid 12 timar før. Frå krysset har ho fri sikt på over 100 meter rett mot skogholtet der drapet skjedde.
Kom brått
Ho fortel at det var ingen på fortauet då ho kom inn på vegen.
– Men plutseleg kom det ein mann brått på meg, og han måtte kome ut av buskene langs vegen, for han var ikkje der då eg snudde sykkelen, fortel Hammar.
Tørka av seg
Hammar seier ho reagerte på at mannen tørka seg i fjes og hender med det som såg ut som ei T-skjorte. Då mannen hadde passerte på gangfeltet - snudde Hammar seg og såg det ho tykte var ein merkeleg oppførsel.
– Han verka stressa, tykkjer eg, seier Hammar. – Han tok springfart og heiv plagget han hadde tørka seg med over vegen mot elva.
Ukjent mann
Ruth Hammar har budd i Førde sentrum i alle år og meiner ho aldri før har sett mannen. Han kan vere mellom 25 og 35 år, er middels høg og har mørkt hår.
Dagen etter vart Anne Slåtten funnen død – to og ein halv meter frå fortauet – og berre nokre få meter frå der ho og den ukjende mannen møttest.
Drapet i nærområdet hennar har rysta Førde-kvinna som har fortalt historia til politiet – no håpar ho at dei klarer å løyse drapssaka.
Politiet vil ikkje kommentere denne observasjonen, men seier at dei ser på alle tips som interessante.
Fleire observasjonar
Også eit anna vitne har meldt frå til politiet om det ho oppfatta som ein litt uvanleg oppførsel frå ein mann i 25-35-års alderen sundag ettermiddag, før Anne Slåtten vart funnen.
Vitnet fortel til NRK Sogn og Fjordane at ho sykla mot Førdehuset ein gong mellom klokka 15.15 og 15.30, då ho møtte mannen. Han kom syklande sakte i motsett retning oppover Angedalsvegen langs hekken nær drapsstaden. Mannen stirra intenst på vitnet, slik at ho kjende det ubehageleg.
Ho reagerte også på at mannen berre hadde gensar på seg i regnet, medan ho sjølv hadde på seg regnklede. Han hadde mørkt hår. Då vitnet hadde vore ein snartur innom Førdehuset møtte ho same mannen fem til ti minutt seinare nokre hundre meter lenger oppe i Angedalsvegen. Då hadde han snudd og var på veg nedover att.