Vitnet, som køyrde gjennom Sogndal sentrum fredag 23. april 1999, har i politiavhøyr sagt at han berre såg to personar like ved rundkøyringa. I forklaringa si i dag sa han at det var ei misforståing. Han seier han heile tida har vore sikker på at han såg tre personar som sprang inn under gangbrua.
Vidare seier han at det var 10 meter mellom dei to tiltalte og Arve, og at dei tiltalte sprang side om side. Vitnet, ein pensjonist frå Fjærland, seier han er 100% sikker på at alle dei tre personane han såg sprang under brua.
Fleire versjonar
Tidlegare i rettsaka har ulike vitne fortalt fleire versjonar av kva som skjedde ved gangbrua den natta. Den hovudtiltalte er ikkje sikker på om han fylgde etter Arve under gangbrua, medan den andre tiltalte seier han fortsette rett fram etter brua.
Kameraten som var med Arve då han sprang ifrå hovudtiltalte seier alle tre sprang under brua, og at berre den andre tiltalte kom opp att på den andre sida.