Hopp til innhold

Såg to hoggormar i løpet av våren

2012 er venta å bli eit hoggormår og kanskje har du sett den einaste giftige slangen vi har. Liv Janne Bell Jonstad har allereie sett to hittil i år.

Hoggorm

VÅRTEIKN: Denne hoggormen oppdaga Liv Janne Bell Jonstad på tur i april.

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

Liv Janne Bell Jonstad

IVRIG TURGÅAR: Liv Janne Bell Jonstad er ofte på tur med borna Bendik Matias og Sanna Oliva.

Foto: Privat

Norges fremste amfibieforskar, førsteamanuensis Dag Dolmen ved NTNU, trur vi får det mest hoggormrike året på 20 år.

– Hoggormbestanden har auka jamt dei siste to tiåra. I år vil det vere fleire enn i fjor, seier Dolmen.

Har sett to allereie

Kanskje har du sett den kravle og krølle seg bortetter vegen eller sett den medan den ligg i sola og slappar av.

Ein av dei som allereie har sett hoggorm, er Liv Janne Bell Jonstad i Førde. Ho er ein ivrig turgåar og har sett to hoggormar i år. Første gong var i slutten av mars.

– I slutten av mars gjekk vi på tur ved Soleide i Førde, og der midt på skogsvegen, låg det ein liten hoggorm midt i vegen. Eg blei litt overraska, for eg hadde aldri trudd det skulle vere orm så tidleg. Det var eit vårteikn eg ikkje sette pris på, fortel ho.

Den vesle ormen var rimeleg forfrosen og det var ikkje mykje liv i den. Ein månad seinare møtte ho nok ein hoggorm, då var det varmare i vêret. Denne heldt ho på å trakke på.

– Eg går veldig mykje på tur, men har berre sett nokre få ormar før i heile livet mitt. No lurer eg på om dette kan vere eit ormeår sidan eg har sett to allereie.

Er ikkje redd

Men sjølv om ho er mykje ute, er ho ikkje redd. Eit lurt råd er prate eller trampe litt ekstra hardt dersom du trur det kan vere orm i området.

– Når eg nettopp har oppdaga ein orm, ser eg meg ekstra godt rundt. Men den er vel reddare for oss enn vi er for den. Den forsvinn fort når det kjem folk.

Amfibieforskar Dag Dolmen seier det vil bli født fleire hoggormungar enn på lenge.

– Det er ting som tyder på ein større bestand av orm i Norge. Dette er ikkje basert på harde fakta, men på indikasjonar.

Avheng av korleis vinteren blir

Ungane blir ikkje fødde før i august og vil kanskje ikkje bli oppdaga før neste år.

– Kor mange hoggormar det blir er avhengig av om vinteren er kald eller varm, om det er museår og korleis sommaren er.

– Korleis er Sogn og Fjordane i forhold til andre område i landet?

– Eg trur det er relativt normalt. Det er mykje hoggorm i sørvendte lier. medan det er mindre i nordvendte område. Hoggormen er vanleg langs Vestlandskysten og langt inn i fjordane. Eg ser på eit kart at det er mange funn i Sogn og Fjordane, men mange av dei er gamle registreringar.

Ta med borna til lege

Dolmen seier at hoggormen er like farleg som ein veps. Han fortel at det skjer dødsfall i snitt kvart tiande år og at mange kvart år blir dårlege etter å ha blitt biten.

– Men vi skal ikkje gå rundt omkring og frykte hoggormen. Det er veldig verdifullt å gå tur i naturen, seier han.

– Kva gjer ein dersom ein blir biten?

– Eit lite barn bør alltid til lege så fort som mogleg. Ein vaksen kan sjå det litt an. Men ein vere budd på å måtte oppsøkje lege. Eit råd eg har fått, er å tulle ei strømpe eller gasbind oppover armen som ein slags bandasje. Då hindrar du spreiing av gifta i lymfesystemet. Men ikkje knyt så hardt at blodet blir stoppa.

Hoggorm er nyttedyr

Forskaren seier at ein hoggorm aldri angrip eit menneske utan grunn, men at den forsvarar seg.

– Trampar du den på halen eller kjem for nære, kan den bite. I mange tilfelle bit den tørt utan å bruke gifta si. Dette gjer den for å skremme. Når den føler seg veldig truga, kan den bruke mykje gift. Då bør det helst ikkje vere eit lite barn, for dei er meir utsett for komplikasjonar etter eit biten.

– Hoggormen er freda og det blir fleire og fleire. Er dette eit problem?

– Nei, det er det ikkje. Vi må sjå på hoggormen som eit nyttedyr. Slangar et smågnagarar som elles ville ete oss ut av husa, spesielt i utviklingsland. Ser vi på hoggormen som eit nyttedyr som vi skal vere i fred, så tykkjer eg vi kan leve med hoggormen, seier Dolmen.