NRK Meny
Normal

– Alt var kvitt, eg såg ikkje noko, sa Marte - og kort tid etter vart rennet avlyst

Svenske Marta Lindstöm var mellom dei få som fekk sette utfor i Sogndal Frikøyring før konkurransen vart avlyst torsdag.

Frikøyring i Sogndal m Marta . Foto /red: Heidi Lise Bakke

SÅG LITE, MEN FULLFØRTE: Marta Lindström fekk ikkje gjort dei hoppa ho hadde planlagt. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke, NRK

Ho kom seg ned utan fall, og det er nesten ein prestasjon i seg sjølv med det blindeføret som var i fjellsida vest for Anestølen i Sogndalsdalen.

– Det var tungt, sa ho då ho kom i mål.

– Det er vanskeleg når ein ikkje ser nokon ting, eg såg berre der det var spor og prøvde å hald meg til det og ikkje tvile for mykje, og det gjekk fint.

Ho fortel at einskilde stader såg ho ikkje kva som var opp eller ned, og at ho difor køyrde litt meir safe enn ho hadde planlagt.

– Eg hadde planlagt nokre hopp, men eg hadde ikkje kraft i beina, og eg såg så lite.

Sjå korleis Marte opplevde turen ned fjellsida:

Created by InfoDispatcher

Jenta som er frå Jällivarre i Nord-Sverige studerer geologi i Sogndal og har jobb som servitør. Ho trivst godt i Sogndal.

– Det er ein fin stad å vere.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tilskodarar på Sogndal Frikøyring

GOD STEMNING: Mange hadde teke turen opp til målområdet, og stemninga var upåklageleg heilt til rennet vart avlyst.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Legg vekt på flyt og tricks

Rennet, som er ein del av Fjellsportfestivalen, skulle ha starta klokka 11, men kom ikkje i gang før klokka 12. Då var det framleis nokolunde bra vêr, bortsett frå at det var blindeføre og svært vanskeleg for deltakarane å sjå terrenget skikkeleg.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tor Yttri

GLEDDE SEG, MEN: Styreleiar Tor Yttri i Bratt Moro.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Styreleiar Tor Yttri i Bratt moro gledde seg til å sjå dei 64 utøvarane kaste seg utfor fjellsida med spektakulære stunt og hopp.

– Vi har ei løype som er på 600 høgdemeter, det er mykje til å vere frikøyring. Det er ikkje berre om å gjere å kome seg fort ned, det er dommarar som legg vekt på flyt i køyringa og element som hopp og tricks.

Han gledde seg til å sjå vågal køyring i ei løype han sjølv ville ha teke det nokså roleg i. Men det vart ikkje mange utøvarar tilskodarane fekk sjå.

Dårlegare vêr og avlysing

Deltakarane starta ein og ein med fleire minutts mellomrom. Då 12 kvinnelege deltakarar hadde kome i mål hadde vêret endra seg ein god del. Det blês meir og meir på toppen, og det tjukna til.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stein Falsen Møller og Tove Knutsen

IKKJE NOKO VAL: Tryggleikskoordinator Stein Falsen Møller og rennleiar Tove Knutsen tok avgjerda om å avlyse rennet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dermed hadde rennleiinga ikkje noko anna val enn å avlyse heile rennet, seier tryggleikskoordinator Stein Falsen Møller.

– Tilhøva endra seg med meir vind, dermed vart snøtilhøva annleis med auka skredfare. Vi hadde ikkje god nok kontroll til å fullføre rennet. I tillegg gjorde vêret at luftambulansen ikkje lenger kunne ta seg hit om noko skulle skje, og då var valet enkelt.

– Det bles infernalsk

Då var det vel 50 løparar som stod på toppen og heldt ut i den aukande og iskalde vinden. Dei fekk beskjed om å kome seg ned til målområdet på tryggast mogeleg måte.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Anders Bersu

- MÅTTE HATT HOVUDLYKT: Anders Bersu frå Vågå syntest det var harmeleg å ikkje få køyre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein av dei, Anders Bersu frå Vågå, syntest det var greitt at rennet vart avlyst.

– Det var surt oppå toppen, det bles noko heilt infernalsk. Eg hadde start nummer 52, så det hadde vel blitt mørkt før eg hadde fått køyre. Eg måtte vel hatt hovudlykt. Men det er litt harmeleg når vi har reist så langt.

Franske Aurelien Ducroz hadde reist endå lengre for å vere med på frikøyringskonkurransen under Fjellsportfestivalen. Han er dobbelt verdsmeister i frikøyring og hadde gledd seg til å sette utfor.

– Men det var rett å avlyse rennet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Aurelien Ducroz

- RETT Å AVLYSE: Aurelien Ducroz frå Chamonix er dobbel verdsmeister i frikøyring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Trasig, men litt letta

Rennleiar Tove Knutsen seier at det er trasig å måtte avlyse.

– Eg vart heilt tom, men tryggleiken går først, det er rett å avlyse. Eg er i grunnen litt letta og, for vêret har endra seg mykje, det er godt å tenke tryggleik.

Men det må vere surt å avlyse eit renn som det har vore lagt så mykje arbeid i. Mykje materiell var frakta inn med snøskuter dei seks-sju kilometrane frå Selseng. Det var berre å pakke saman og frakta alt saman nedatt.