Såg heimen gå opp i flammar

Tilfeldigheitene gjorde at Frank Hatleset og familien hans ikkje var heime då huset gjekk opp i flammar.

Brann på Langeneset i Svelgen

HELDIGVIS: Frank Hatleset og familien prisar seg lukkelege over at dei ikkje var heime då det byrja å brenne i huset deira.

Foto: Geir Nybø / Bremanger Budstikke

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Hatleset og sambuaren har to små born på tre og seks år. Til alt hell var ingen av dei heime då brannen starta.

Familien skulle bytte ut ein peis og på grunn av alt støvet som samla seg, budde dei vekke.

- Det var heilt uverkeleg å sjå huset vårt gå opp i flammar, seier Frank Hatlenes. Berre eit halvt døgn etter at huset hans brann ned til grunnen.

Mista alt

Husbrann i Langeneset

OVERTENT: Huset stod ikkje til å berge.

Foto: Christina Frøysland

Familien på fire budde hos foreldrene hans då huset deira på Langeneset i Bremanger tok fyr. Utover dagen har brannvernet drive ettersløkking.

Alt av familien sine eigendelar gjekk opp i flammar.

- Det hadde ikkje vore noko problem å bu der, men eg er glad vi ikkje var heime. Ettersom eg tenkjer på det, er det greitt at ungane ikkje fekk oppleve å springe ut frå eit brennande hus. Eg prøver å ikkje tenkje på det, seier Hatleset.

- Det var uverkeleg

Familiefaren vart varsla om brannen i morgontimane måndag. I sekstida fekk alarmsentralen melding om bustadhuset som stod i full fyr.

Då dei kom fram såg dei det var lite, eller ingenting, å redde.

- Eg vakna til ein telefon frå ein kamerat av meg i brannvesenet. Då var det berre å komme seg ut for å sjå. Kva skal eg seie. Det var uverkeleg, seier han.

- Sørgjeleg syn

Det var eit tragisk syn som møtte Hatleset då han kom fram til det brennande huset.

- Heile taket på stovedelen hadde falle saman. Resten var det flammar over taket. Det var eit sørgjeleg syn. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle gjere, fortel han.

Iløpet av dagen har familien fått ein mellombels stad å bu. Brannårsaka er førebels uviss.