Hopp til innhold

Mange såg eldkule over himmelen - astrofysikaren vil vite meir

Frå heile Sør-Norge kjem det meldingar om folk som har sett ei lysande eldkule over himmelen. – Plutseleg lyste heile himmelen opp i eit veldig blaff, og så kom det ei eldkule.

Knut-Jørgen røed Ødegaard

VIL VITE MEIR: Astrofysikar Knut-Jørgen Røed Ødegaard vil gjerne vite meir om observasjonar gjort av eldkula i går kveld.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Det fortel Olav Giskeødegaard frå Kvamsøy i Balestrand til NRK.no tidleg torsdag morgon. Han sat i fred og ro og drakk ein kopp te då han rundt klokka 20.20 såg noko han aldri før har sett før.

– Eg trudde først det var eit kraftig lynnedslag på grunn av det veldige blaffet, men eg visste jo at det ikkje var slikt vêr. Så kom eldkula etterpå og det var veldig spesielt.

– Det var så intenst og så kraftig, seier han oppglødd.

Sett over heile Sør-Norge

Astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard har naturleg nok også fått med seg det som skjedde. Han seier til VG.no at dei har fått rapportar frå både Møre og Romsdal, Trøndelag, Vestlandet og Austlandet.

Spesielt i Valdres har det kome mange meldingar. Meldingane herifrå går på kraftig, langvarig buldring og eksplosjonsliknande lydar ei stund etter at eldkula var på himmelen.

– Fenomena skuldast at ein stein har kome inn i atmosfæren og delvis brunne opp. Ut frå observasjonane er det truleg at steinar har nådd bakken som meteorittar, seier Røed Ødegaard til VG.

Han vil no høyre meir frå folk som har sett og høyrt noko for å finne ut kvar steinane kan ha nådd bakken.

– Heilt fantastisk

NRK Sogn og Fjordane har blitt kontakta av folk frå fleire stader i fylket som har sett eldkula over himmelen. Både i Fardal i Sogn, i Måløy og i Florø har folk teke kontakt om det dei har sett.

– Det var berre heilt fantastisk. Det såg ut som ei stor appelsin, og var lik ei appelsin på farge også. Heilt knall oransje, seier ho til NRK.no tidleg torsdag morgon, seier ei kvinne i Måløy om den spesielle opplevinga.

Også Olav Giskeødegaard i Balestrand synest det var ei oppleving utanom det vanlege.

– Det var fantastisk, og det var synd eg ikkje sat på fjellet eller ein annan plass så eg kunne sett det skikkeleg og ikkje gjennom glaset, seier han.

Seinast i april vart det gjort observasjonar av ei eldkule fleire stader i Sør-Norge.