Karterudseter skal ha vore saman med dei to heile kvelden. Eit vitne som såg dei seier mennene var i starten av 20-åra, og dei to er ikkje elevar ved Sogndal Folkehøgskule der den 19 år gamle jenta gjekk.
Karterudseter såg ut til å kjenne spesielt den eine av dei godt, men det finst ikkje sikre observasjonar av at ho forlet lokalet med desse to mennene.
Krangel
Men det er augevitne som har sett ein person som passa Karterud sin beskrivelse i krangel med ein mann utanfor Studenthuset Meieriet der konserten fann stad. Krangelen mellom dei to skal ha roa seg, og dei gjekk i lag i retning Rimibutikken som ligg like ved Meieriet. Dette skjedde mellom klokka kvart over eitt og halv to natt til torsdag.
Funnen kvelt
18 timar seinare vart Karterudseter funnen kvelt på internatet til Sogndal Folkehøgskule. Årsaka til at ho vart funnen så seint kan vere at elevane var med på Operasjon Dagsverk torsdag, og dermed ikkje hadde vanleg undervisning på skulen.