Såg bussen skjene mot dei og tenkte: «Kva er det du driv med?» - og så small det

Sjåføren av den norske bussen såg den svenske turistbussen skjene mot han. Han rakk å tenkje «Kva er det som skjer?». Så small bussane i hop.

Created by InfoDispatcher

I BUSSEN: Det var sterke inntrykk for dei pårørande då dei var med på synfaringa av ulykkesbussane onsdag.

Sjåføren av den norske bussen forklarte seg i dag i Sogn tingrett, i saka mot den svenske sjåføren som er tiltalt for aktlaust drap på to kvinner etter bussulykka i Fardal i fjor.

Den norske sjåføren fortalde i retten at han køyrde rutebussen mellom Leikanger og Sogndal som vanleg, slik han pleier å gjere, på ulykkesdagen i august i fjor.

Under utspørjinga i Sogn tingrett i dag fortalde mannen at han kjende seg bra og utkvild, og at bussen fungerte som normalt. Då bussen kom til Fardal, hugsar sjåføren at han såg framover, hadde god kontroll, alt såg normalt og fint ut.

Trudde sjåføren ville ratte seg tilbake

Han forklarte også at kvinna som sat rett bak han i bussen, sat og prata med ei venninne i telefonen.

Brått såg han den svenske bussen skjene over mot sin buss. Han tenkte «kva er det du driv med?», og venta at den andre bussen ville ratte seg tilbake, men det skjedde ikkje.

Men sjåføren var klar på at den svenske sjåføren hadde klart det, dersom han hadde reagert tidsnok.

Så høyrde han kvinna skrike.

– Eg la meg så langt ut som eg kunne. Så small det. Eg rakk ikkje så mykje anna enn å handle i refleks, fortalde mannen i retten.

I retten vart han spurt om kvinna som skreik, var den 24 år gamle kvinna frå Ålesund som var den eine av dei to omkomne i ulykka.

– Eg trur det. Det vart heilt stilt etterpå, forklarte mannen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rekonstruerte ulykka

MÅLTE OPP: Overingeniør Torgeir Bang i ulykkesgruppa til Statens vegvesen målte opp på ulykkesstaden for å syne korleis bussane stod før, under og etter ulykka, der to kvinner mista livet i august i fjor.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Er viss på at han heldt sida si

Han meiner sjølv at han heldt 60 km/t før ulykka, og forklarte i retten at det er såpass passasje på strekninga at dei held fartsgrensa.

Han presiserte i retten at han ikkje gjorde noko bevisst unnamanøvrering.

– Eg veit ikkje om eg rakk å komme meg lenger ut. Eg svinga litt unna, fortalde mannen.

Forsvaret ville vite kor sikker mannen var på plasseringa si i vegbana.

– Eg er sikker på at eg heldt meg mot kvitestripa. Når vi køyrer der, så må vi gjere det for å få god klaring til kvarandre, fortalde mannen.

Aktor lurte også på om den omkomne kvinna som skreik, observerte faresituasjonen før sjåføren.

– Nei, vi oppdaga det samstundes, forklarte mannen.

Meiner fronten var over midten av vegbana

Overingeniør Torgeir Bang i ulykkesgruppa til Statens vegvesen forklarte seg i retten tidlegare onsdag. Han var klar på at det er passasje til to store køyretøy på riksveg 55 i Fardal, berre sjåførane gjer jobben og held sida si.

Bang forklarte at ulykkesgruppa har komme fram til at fronten på den svenske bussen var over midten av vegbana då samanstøyten skjedde.

Men den svenske sjåføren avviste i retten tysdag at han hadde noko skuld i at ulykka skjedde, då han meinte det ikkje var passasje på staden.

Bang la også til at det var flaks at sjåførane kom frå ulykka med livet i behald, og at samanstøyten var minimal, og at det var speglane på bussane som gjorde skadane.

Sår tvil om funn av bremsespor

Geir J. Kruge er forsvarar for den tiltalte, svenske sjåføren. Han er ikkje samd i ulykkesgruppa sin konklusjon.

– Mykje av det er basert på plasseringa av påståtte bremsespor i vegbana. Det er frå vårt syn tydeleg tvil om kor rette dei observasjonane er, når det gjeld dei påståtte bremsespora. Det er eit viktig punkt i saka. Vi registrerer det som har komme fram, og så må det sjåast opp mot anna bevismateriale og vitneforklaringar, seier Kruge.

Han legg til at dette må sjåast opp mot anna bevismateriale og vitneforklaringar, som han meiner vil kaste ytterlegare lys over saka.

Torgeir Bang frå ulykkesgruppa til Statens vegvesen la i retten at dei meiner å ha funne eit svakt spor av det indre, venstre bakhjulet, men det sår Kruge tvil om.

– Vi nærmar oss prosedyreelement her, så eg veit ikkje kor djupt eg skal kommentere det. Dette er ein del av det generelle bevisbiletet, og vi har våre synspunkt på kor riktige desse er, seier Kruge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykkesbussen

DEN SVENSKE BUSSEN: Her er retten på synfaring ved den svenske turistbussen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meiner vegen er veldig, veldig smal

Han legg til at det vil bli presentert for retten i prosedyren.

– Kvifor er det viktig for deg å så tvil rundt dette sporet?

– Det som går på plassering av bussane i saka, har mykje å seie for saka. Vi veit at dette er ein veldig, veldig smal veg, og vi veit at det er små marginar med tanke på unnamanøvrering, seier Kruge.

Forsvarar Geir J. Kruge

FORSVARET: Geir J. Kruge og Jens Thomas Tommesen forsvarar den svenske føraren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han meiner at med det som bakteppe, er det viktig å få fastslått bussane sine posisjonar.

– Vi meiner at den observasjonen som er gjort, ikkje nødvendigvis er rett, seier Kruge.

– For aktor er det som er blitt lagt fram for Sogn tingrett i dag eit viktig bevis. Føler du at di sak er styrka eller svekt etter forklaringa til Bang?

– Eg konstaterer at Bang har forklart det han har gjort reie for i sin rapport tidlegare. Eg konstaterer også at det er ulike observasjonar av dei områda der det skal vere spor, og så får vi halde oss til det, seier Kruge.

Syner til funna til ulykkesgruppa

Aktor i saka, Anette Stegegjerdet Norberg er klar på kva som vert avgjerande for saka.

– Eg meiner det er tre ting som er avgjerande i denne saka. Det er analysane frå ulykkesgruppa, den sakkunnige i saka sine vurderingar, som også er ei vurdering av dei tekniske bevisa, og det er vitnebevisa, seier Norberg.

At forsvararen til den tiltalte, svenske bussjåføren, Geir J. Kruge, forsøkte å så tvil rundt sporet frå den svenske bussen, og meinte det var svakt og på einskilde bilete nesten umogleg å sjå. Kruge sådde tvil om dette var eit spor som kunne leggjast til grunn i rettssaka.

– Eg må berre syne til det ulykkesgruppa seier. Det er ikkje alle spor som er breie merke av breitt, svart dekk. Men det har likevel vore synleg for ulykkesgruppa på åstaden, og det vert det avgjerande. Ikkje det at forsvaret i dag har lagt fram andre bilete der sporet ikkje er synleg, seier Norberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Minnebedd

LYS OG BLOMAR: Pårørande har planta blomar og tent lys ved ulykkesstaden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Meiner saka står godt

I retten vart Bang utfordra på korleis dette sporet kunne oppstå. Han forklarte i retten at det kunne vere ein kombinasjon av nedbremsing, og at bussen krenga etter kollisjonen med den norske bussen.

– Korleis vurderer du den forklaringa?

– Ulykkesgruppa har stor kompetanse på analyse av trafikkulykker, og ein legg til grunn det han har forklart om det. Eg tykkjer også det er ei logisk forklaring med tanke på hendingsgangen og dei skadane som ein ser på bussane, seier Norberg.

Anette Stegegjerdet Norberg

AKTOR: Anette Stegjegjerdet Norberg meiner saka iallfall ikkje står svakare etter vitnemåla onsdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Aktoratet vil ha sjåføren dømd for å ha køyrt på ein slik aktlaus måte at han er strafferettsleg ansvarleg for aktlaust drap på to personar, og at han har skadd ytterlegare to personar, i tillegg til å ha brote vegtrafikklova.

Norberg meiner saka deira står godt etter to dagar i retten.

– Eg vurderer både dagen i dag og dagen i går til at saka iallfall ikkje står i ein svakare stilling enn den gjorde før hovudforhandlingane byrja, seier Norberg.